Zjiguljovsk (russisk Жигулёвск) er ein by i Samara oblast i Russland med om lag 55 000 innbyggjarar (2008). Han ligg på høgre breidda av elva Volga, rundt 50 km nordvest for Samara.

Zjiguljovsk
Жигулёвск
Horisonten til
Horisonten til
Flagget til Zjiguljovsk Byåpenet til Zjiguljovsk
Flagget til Zjiguljovsk Byvåpenet til Zjiguljovsk


Plassering
Zjiguljovsk is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Samara oblast
Grunnlagd
Bystatus
1949
1952
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

57 094
Koordinatar 53°24′00″N 49°30′00″E / 53.40000°N 49.50000°E / 53.40000; 49.50000
Tidssone
- Ved sommartid
SAMT (UTC+4)
SAMST (UTC+5)
Diverse annan informasjon
Postnummer 445350
Retningsnummer (tlf) +7 84862
Nettstad: www.zhigulevsk.org/

Byen ligg på området til dei tidlegare landsbyane Otvazjnoje (russisk: Отва́жное, kjend sidan 1840) og Morkvasji (russisk: Моркваши, kjend sidan 1647). Arbeidsbusetnaden Otvazjnyj (russisk: Отва́жный) vart bygt her i samband med utbygginga av oljeførekomster. I 1949 vart han slått saman med landsbyane og namnet vart endra til det noverande Zjiguljovsk. Han fekk bystatus i 1952.

Forutan oljeverksemda så vert det òg drive utvinning av kalkstein ved byen.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

a