Znojmo (tysk Znaim) er ein by i Tsjekkia i regionen Sør-Mähren, nær grensa til Austerrike.

Znojmo
St. Nikolas-kyrkja
St. Nikolas-kyrkja
St. Nikolas-kyrkja
Flagget til Znojmo Byvåpenet til Znojmo
Flagget til Znojmo Byvåpenet til Znojmo
Styresmakter
Land
Kraj
Tsjekkia
Sør-Mähren
Grunnlagd 1226
Borgarmeister Petr Nezveda
Geografi
Flatevidd 65,896743 km²
Flatevidd
 - By

65,93 km²
Innbyggjarar
 - By (1.1.2012)
   - folketettleik

34 073
  517/km²
Koordinatar 48°51′N 16°3′E / 48.850°N 16.050°E / 48.850; 16.050
Høgd over havet 290 m
Diverse anna
Postnummer 669 02
Heimeside: http://www.znojmocity.cz
Nettstad: www.znojmocity.cz
Plassering
Znojmo is located in Tsjekkia

Byen er bygd på ei klippe på den bratte venstresida til elva Dyje, og arkitekturen har opprettheldt eit mellomalderpreg. Den gotiske St. Nikolas-kyrkja og det seingotiske rådhuset er dei mest kjende landemerka i byen. St. Nikolas-kyrkja vart bygd i 1348 av keisar Karl IV, og rådhuset, med det 75 meter høge tårnet, vart bygd rundt 1446. Overfor elva Dyje ligg Znojmoborga, som går tilbake til 1000-talet og vart grunnlagd av Přemyslid-hertugane.

Den kongelege byen Znojmo vart grunnlagd rundt 1226 av kong Ottokar I på sletta føre Znojmoborga. Znojmo er mest kjemd for våpenstillstanden som vart avgjort her i 1809 etter slaget ved Wagram mellom Napoleon og erkehertug Karl. Han er òg kjend som (den påståtte) fødestaden til Leopold Loyka, sjåføren til den austerrikske erkehertugen Franz Ferdinand då Ferdinand vart myrda i Sarajevo i 1914, ei hending som utløyste den første verdskrigen.

Bakgrunnsstoff endre

 
Panorama av Znojmo