Zodiakalyset er ei svak, nesten trekanta lyskjegle på nattehimmelen som dukkar opp nær sola langs ekliptikken eller zodiakalen (Dyrekrinsen). På midtre og nordlege breiddegrader, er zodikallyset best synleg på vesthimmelen om våren etter at skumringa er over, eller på austhimmelen om hausten like før daggry. I tropane er zodiakallyset synleg året rundt.

Zodiakallyset på austhimmelen i grålysinga. Planeten Venus og den opne gruppa M44 er òg synlege på dette biletet.

Lyset kjem av sollys reflektert av interplanetarisk støv i ekliptikkplanet eller zodiaken. Zodiakallyset er så svakt at det vert heilt tilslørt av månelys eller lysforureining. Zodiakallyset minkar i intensitet med avstanden frå sola, men på særs mørke netter er det blitt observert i eit band langs heile ekliptikken. Faktisk utgjer zodiakallyset 60 % av himmellyset på ein månelaus natt. Det finst òg eit særs svakt ovalt lys midt imot sola kalla gegenschein.

Fenomenet vart først utforska av astronomen Giovanni Domenico Cassini i 1683 og først forklart av Nicolas Fatio de Duillier i 1684.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

Solsystemet
 SolaMerkurVenusMånenJordaPhobos og DeimosMarsCeresAsteroidebeltetJupiterMånane til JupiterSaturnMånane til SaturnUranusMånane til UranusMånane til NeptunNeptunMånane til PlutoPlutoKuiperbeltetDysnomiaErisDen spreidde skivaOortskya
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen
smålekamar:   meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya)
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet