Zoot Money
George Bruno Money, kjend som Zoot Money (fødd 17. juli 1943) er ein engelsk songar, klaverspelar og bandleiar, mest kjend for å spele hammondorgel og for bandet hans Big Roll Band. Inspirert av Jerry Lee Lewis og Ray Charles, vart han trekt mot rock and roll-musikk og vart ein leiande figur i musikkmiljøet i Bournemouth og Soho i 1960-åra. Money har spelt med mellom andre Eric Burdon, Steve Marriott, Rocket 88, Snowy White, Mick Taylor, Spencer Davis, Geno Washington, Brian Joseph Friel, the Hard Travelers, Widowmaker og Alan Price. Han har òg arbeidd som skodespelar.[1]
Zoot Money | |||
Fødd | 17. juli 1942 (81 år) Bournemouth i Hampshire i England | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bournemouth | ||
Fødenamn | George Bruno Money | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1960 til i dag | ||
Sjanger | R&B, soul, jazz | ||
Instrument | Klaverinstrument | ||
Kjende instrument | Hammondorgel | ||
Tilknytte artistar | Zoot Money's Big Roll Band, Dantalian's Chariot, Eric Burdon & the Animals, the Majic Mijits, the Electric Blues Company, Ruby Turner, Humble Pie, Zoot Money Trio, Good Money, Widowmaker, Brian Joseph Friel, the Hard Travelers, the British Blues Quintet | ||
Plateselskap | Columbia (EMI), Indigo, MPL | ||
Verka som | Musikar |
Diskografi endre
- It Should Have Been Me (1965)
- Zoot! Live at Klooks Kleek, London (1966)
- Transition (1968)
- Welcome to My Head (1969)
- Zoot Money (1970)
- Mr. Money (1980)
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Zoot Money» frå Wikipedia på engelsk, den 14. desember 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Hewitt, Paulo and Hellier, John. Steve Marriott - All Too Beautiful.... Helter Skelter (2004). ISBN 1-900924-44-7