Zurna (òg kalla surnay, zurla, latvisk horn, surla, sornai, zournas, zurma eller armensk Զուրնա) er ein type treblåseinstrument med dobbelt røyrblad og konisk boring som finst på Balkan. Instrumentet er til utandørs bruk og blir vanlegvis spelt saman med davul (basstromme) i anatolisk folkemusikk.

To zurnaer; ein tyrkisk til venstre og ein syrisk til høgre.

Namnet på instrumentet kjem frå tyrkiske zurna, som igjen kjem frå det persiske ordet سرنای surnāy[1] og er sett saman av سور sūr («bankett, festmåltid») og نای nāy («siv, røyr»). Zurna går òg under namnet sopile i Midtausten og Italia. I Europa kjenner ein zurnaen først og fremst under namnet skalmeie. I Tyrkia blir instrumentet tradisjonelt brukt i bryllaup.

Zurnaen stammar truleg frå Persia i tida rundt 700 e.Kr I perioden 900-1000 e.Kr kom instrumentet til Europa og vart veldig populært heilt fram til 1700-talet. Utforminga forandra seg noko i løpet av desse 700 åra, men ikkje mykje. Zurnaen vart i hovudsak forlengja slik at han kunne gje frå seg mørkare lydar, røyrblada av takrøyr vart skifte ut og etter kvart utvikla ein eit deksel rundt røyrblada slik at dei ikkje trong å vere inne i munnen.

Instrumentet blir mykje brukt i kurdisk folkemusikk i Nord-Kurdistan i det austlege Tyrkia og i Armenia. Det blir brukt for det meste utandørs på grunn av den høge lyden det gjer, og blir ofte kombinert med ei stortromme. I ei større gruppe har ein ein mindre (20-35 cm) zurna som spelar melodien og ein større (40-60 cm) som fungerer som ein bordun. Å spele med dei større bordunpipene er spesielt vanleg på Balkan. Instrumentet er ofte laga av kirsebær- eller plommetre og er forma som ei trakt ved utblåset og ein held for røyrblada ved munnstykket. Med åtte hol (éit på undersida) kan ein spele ulike tonar.

Andre nært nærskylde instrument omfattar sorna, rhaita, suona, sopila, skalmeie, birbynė, tuiduk og surma-horn.

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre