Zvenigorod (russisk skrift Звени́город) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 13 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Moskva, rundt 50 km vest for Moskva by.

Zvenigorod
Звенигород
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Moskva oblast
Areal 47 km²
Folketal 12 917  (2008)
Retningsnummer +7 49632
Kart
Zvenigorod
55°44′00″N 36°51′00″E / 55.733333333333°N 36.85°E / 55.733333333333; 36.85
Wikimedia Commons: Zvenigorod

Historie endre

 
Moskvaelva ved Zvenigorod
 
Inne i Savvino-Storozjevskij-klosteret.

Busetnaden har eksistert sidan 1100-talet[treng kjelde], men er første gong nemnt i dokument i 1338.

Zvenigorod vart for alvor kjend på slutten av 1300-talet, etter at Dmitrij Donskoj testamenterte han til den andre sonen sin, Jurij, som bygde residensen sin her på den bratte breidda av Moskva-elva. I den lokale kreml, Gorodok, finst det einaste fullt bevarte dømet på 1300-tals Moskva-arkitektur, Maria Himmelfartskatedralen frå 1399. I interiøret i katedralen finst fresker av den store Andrej Rubljov.

Zvenigorod vore primært hugsa for krigane som vart utkjempa av sønene til Jurij for kontroll over Moskva under regjeringstida til slektningen deira Vasilij II (1425–1462). Etter at dei hadde tapt vart byen innlemma i Storfyrstedømet Moskva.

Zvenigorod fekk byrettar i 1784. På slutten av 1800-talet vart byen populær blant intelligentsiaen i Moskva. Mange ekstravagante datsjaer vart bygt i nærleiken. Nokre av desse husar i dag museum for Sergej Tanejev, Anton Tsjekhov og Isaac Levitan.

Savvino-Storozjevskij-klosteret endre

Fyrst Jurij bad i 1398 St. Savva, ein av Sergij Radonezjskij sine første disipler, å dra til Zvenigorod og grunnleggje eit kloster på Storozji Kholm (Utkikksåsen). St. Savva av Storozji vart i den kvite Jomfrufødselskatedralen i 1407. Denne diminutive, grovt tilhogde kyrkja står framleis, men ho har nyleg vorte restaurert. Fresker i alteret er datert til rundt 1420, men resten av interiøret vart måla i 1656. Ein storslått ikonostasis i fem rader og himmelporter i Stroganov-stil vart sett inn i 1652.

I 1650 vart klosteret valt av tsar Aleksej I som hans residens utanfor byen. I løpet av fem år bygde dei eit kongeleg palass i kvit stein og eit lysthus for tsarina. Klosteret vart innringa med steinmurar og tårn, etter mønster frå Troitse-Sergijeva Lavra. Son til Aleksej, tsar Fjodor III heldt seg her mesteparten tida, men etter han døydde i 1682 gjekk det tilbake med klosteret.

I mai 1918, da bolsjevikane prøvde å konfiskere leivningane av St. Savva, vart fleire personar skotne og drepne. I 1985 vart klosteret underlagt Danilov-klosteret i Moskva. Leivningane til St. Savva ført attende til klosteret i 1998.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre