Zweitina eller Zuwaytini (arabisk زُويتينة, Zūwaytīnah) er ein liten landsby vest i Syria nær grensa til Libanon og som administrativt høyrer til Homs guvernement. Han ligg opp i eit skogkledd fjell og er ein populær feriestad. Landsbyen ligg mellom 400 og 450 meter over havet. Av stader i nærleiken finn ein Marmarita i nord, al-Huwash i aust, al-Huwash i aust, al-Husn i søraust, al-Zarah i sør, Naarah og Tell Hawsh i sørvest, al-Mitras i vest og al-Bariqiyah i nordvest. Zweitina er kanskje mest kjend for al-Fawwar-kjelda, som har fått dette namnet fordi ho berre sporadisk renn. Det historiske St. Georg-klosteret, eit av dei eldste i Syria, ligg i Zweitina. Han ligg òg like i nærleiken av Krac des Chevaliers, eller Qal'at al-Ḥiṣn.[1] I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CNS), hadde Zweitina eit folketal på 1 540 i 2011. Innbyggjarane er hovudsakleg gresk-ortodokse kristne.

Zweitina
زُويتينة
landsby
Zweitina
Land  Syria
Guvernement Homs
Distrikt Talkalakh
Nahiyah Al-Nasirah
Høgd 420 moh.
Koordinatar 34°46′08″N 36°14′56″E / 34.76876°N 36.24883°E / 34.76876; 36.24883
Folketal 1 540  (2011)
Tidssone EET (UTC+3)
Kart
Zweitina
34°46′08″N 36°14′56″E / 34.768761111111°N 36.248830555556°E / 34.768761111111; 36.248830555556

Etymologi endre

Namnet Zweitina kjem frå ordet zeitoun som er arabisk for oliven. Zweitina er arabisk for ein enkel olivenfrukt. Oliventre dominerer skogane i Zweitina og er rekna som den viktigaste avlinga her. Andre hevdar at namnet kjem frå arameisk og tyder «landet der silkeormar veks» og syner til silkeormane som finst i skogane i landsbyen.[1]

Demografi endre

Folketalet i Zweitina når opp til 5000 om sommaren, då mange kjem hit på ferie. Kristendom dominerer i landsbyen. Nesten 75% av originale landsbybuarar bur utanfor landsbyen. Flest emigrantar bur i Pennsylvania i USA, der det bur kring 500 familiar.[2] Zweitina ligg òg nær ein annan kristen landsby, Marmarita.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Information» (på arabisk). Marmarita. Henta 1. juli 2014. 
  2. «Immigrants in USA» (på arabisk). Marmarita. Arkivert frå originalen 19. mai 2007. Henta 1. juli 2014.