Hours av David Bowie

(Omdirigert frå 'hours...')
Hours
Studioalbum av David Bowie
Språk engelsk
Utgjeve 4. oktober 1999[1]
Innspelt 1998–1999
Studio
Sjanger Poprock[3]
Lengd 47:06
Selskap Virgin
Produsent
David Bowie-kronologi 
The Best of David Bowie 1974/1979
(1998)
Hours LiveAndWell.com
(1999)
Studioalbum av David Bowie-kronologi
Earthling
(1997)
Hours Heathen
(2002)
Singlar frå Hours
  1. «Thursday's Child»
    Utgjeve: 20. september 1999
  2. «The Pretty Things Are Going to Hell»
    Utgjeve: 14. oktober 1999
  3. «Survive»
    Utgjeve: 24. januar 2000
  4. «Seven»
    Utgjeve: 17. juli 2000

Hours (skriven som 'hours...' ) er det 21. studioalbumet til den engelske songaren David Bowie. Det kom ut 4. oktober 1999 på Virgin Records. Dette var det siste albumet til Bowie for dette EMI-selskapet. Det var det første komplette albumet av ein stor artist som var tilgjengeleg for nedlasting over Internett, og kom ut to veker før den fysiske utgjevinga.[4]

Sjølv om Hours nådde femteplassen på UK Albums Chart, var dette det første studioalbumet til Bowie sidan The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars i 1972 som ikkje gjekk inn på den amerikanske Billboard 200 topp 40, og nådde berre 47. plassen. Det har fått blanda kritikk frå kritikarane.

Bakgrunn endre

Bowie og Reeves Gabrels skreiv songar både for Hours og videospelet Omikron: The Nomad Soul på same tid. I følgje Gabrels sette dei opp spesielle skriveøkter for å lage musikk for desse prosjekta, før dei spelte inn demoar i studio på Bermuda og i Paris. Gabrels skreiv sjølv over tre timar med instrumentale songar for spelet (i tillegg til songane som han og Bowie hadde skrive i lag). Gabrels skildra desse spora som «meir elektroniske og aggressive enn dei på Hours» og indikerte at det kunne kome eit instrumentalalbum kalla Omikron, The Nomad Soul året etter.[2]

Hours vart tenkt som eit lydspor for Omikron så seint som i juni 1999. I spelet, som kom ut på Eidos Interactive kring ein månad etter albumet, speler Bowie rolla som karakteren Boz, medan kona hans Iman dukka opp som ein «inkarnabel» som introduserer «virtuell reinkarnasjon». Vidare dukka Bowie opp i spelet i lag med Gabrels og Gail Ann Dorsey som «The Dreamers», eit virtuelt band som speler på barar kring Omikron City.[5] Bowie kalla eit spor på albumet «The Dreamers» og vurderte det som eit namn på albumet.[6] Karakteren i spelet kunne òg kjøpe eit virtuelt album som dei kunne lytte til i leilegheita si.[5] Omikron: The Nomad Soul inkluderte åtte songar, alle av dei kom ut på Hours («We All Go Through» berre som japansk bonusspor, men òg som ei B-side og på bonusplata som kom i 2005). På ein pressekonferanse under E3 sa Bowie «Eg flytta med ein gang bort frå den stereotype industrielle spelmusikken. Prioriteten min i å skrive musikk for Omikron var å gje det ein kjenslemessig undertekst. Det kjennest som om eg og Reeves har oppnådd det. Me jobba veldig tett med Quantic Dream for å komme med åtte nye songar for spelet.»[7]

Spelet inneheld òg 34 instrumentalar, der 26 av dei vart skrivne og framført av Gabrels og åtte av Bowie og Gabrels. Halvparten av songane av Bowie og Gabrels var «easy listening-versjonar» av somme av dei vokale songane.[8] Sommem av dei andre «instrumentalane» vart vidare utvikla og gjevne ut som B-sider, til dømes er «Awakened 2» ein instrumental versjon av «No One Calls» og «Thrust» (som ein kan høyre på ein kamp mot ein demo på toppen av eit tak) vart «1917».[9] Berre tre songar på Hours var ikkje frå Omikron: «If I'm Dreaming My Life», «What's Really Happening» og «Brilliant Adventure», sjølv om sistnemnde vart vurdert som bakgrunnsmusikk for spelet.[10]

Bowie og Gabrels gjorde mykje av det tidlege arbeidet i leilegheita til Gabrels. Gabrels sa «Så tok eg harddisken over til der me arbeidde i Chung King eller Looking Glass og la til trommer, gitarar som trengde meir rom og vokalen.»[11]

For å skape blest om det komande albumet, vart det halde ein «cyber-song»-konkurranse på den personlege nettsida til Bowie, BowieNet, om å skrive tekst til ein tidleg instrumental versjon av songen «What's Really Happening». Vinnarteksten kom til å kome ut på Hours. Vinnaren var Alex Grant[2] som òg vann ei reise til Philip Glass sitt Looking Glass Studios den 24. mai 1999 for å sjå Bowie syngje inn den endelege vokalen under ei direkte websending. Her bidrog Grant òg med korvokal på songen, i lag med ein ven han hadde med seg.

Plateomslag endre

Plateomslaget var designa av Rex Ray med fotografi av Tim Bret Day og Frank Ockenfels, og syner ein korthåra Bowie frå det intense og energiske albumet Earthling som kvilar i armane på ein langhåra og meir ungdommeleg versjon av Bowie. Og Hours er eit langt rolegare album enn føregangaren, med fleire referansar til tidlegare delar av karrieren til Bowie (særskild tidleg i 1970-åra). Då albumet kom ut første gongen hadde ei rekkje eksemplar ein lentikulær versjon av omslaget, som gav ein tredimensjonal effekt av biletet.[12]

Gabrels sluttar endre

Dette var det siste studioalbumet Gabrels spelte inn med Bowie. Han hadde arbeidd med Bowie sidan 1988. Under innspelinga av albumet byrja Gabrels å merke seg at dei var byrja å bli meir usamde, og han forstod at tida hans med Bowie var over. Gabrels sa «Eg visste frå januar 1999 at det var langt fram for meg å forlate han, utan å la han i stikken.»[13] Bowie hadde ein idé om å hente inn R&B-gruppa TLC for å syngje korvokal på songen «Thursday's Child». Gabrels sa «Eg var så forbanna .... No hadde me endeleg fått det publikummet me ønskte, og du ønskjer å hente inn TLC på plata, og fansen kjem til å sei, 'Faen ta han!'»[13] Gabrels vann diskusjonen og venen hans Holly Palmer vart henta inn for å syngje på songen. Ho vart sidan med i turnébandet til Bowie.[13]

Gabrels var frustrert over korleis albumet vart til slutt. «Me gjorde ei anna utgåve av Hours, og eg spelte bass på det, og me let det liggje og til slutt lytta me til det, og David sa det var for rått. Eg tenkte det hadde ein viss Diamond Dogs-kvalitet, men han ønskte å gjere noko meir glatt og polert og ha bandlaus bass. … Mark Plati kom inn på slutten av Hours for å spele bandlaus bass og remikse plata.» Han sa «Det var eit spor frå Hours-tida som var ei B-side kalla 'And We Shall Go To Town' som eg tenkte var ein nøkkelsong for albumet og som enda opp med å bli fjerna. Det var siste dråpen for min del. Det var eit særs mørkt spor.»[14]

Den siste konserten Gabrels spelte med Bowie, for VH1 Storytellers, hadde Gabrels lete Plati bli med i bandet slik at Bowie «kunne bli vand til han.»[13] Gabrels sa «Eg sette Mark ved sidan av David der eg brukte å stå. Eg kan ikkje hugse om det var med vilje eller tilfeldig.»[13] Etter Bowie døydde i 2016 sa Gabrels om at han slutta: «Eg gjekk tom for idear for han. Eg var redd for at om eg vart verande så hadde eg blitt ein bitter person. Eg er sikker på at du har snakka med folk som har gjort noko for lenge, og så har dei byrja å miste respekten for folka dei arbeider for, og eg ville ikkje at det skulle skje. Det mest logiske for meg å gjere på det tidspunktet var å slutte og gjere noko anna. Me forlet kvarandre som vener.»[13]

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [15]
Alternative Press4/5[16]
Entertainment WeeklyB–[17]
The Encyclopedia of Popular Music     [18]
Pitchfork4.7/10[19]
Q     [20]
Rolling Stone     [21]
Select2/5[22]
Spin6/10[23]
Uncut     [12]

Albumet fekk blanda kritikk frå kritikarane. Stephen Thomas Erlewine i AllMusic skreiv: «det er kanskje ikkje ein av klassikarane til Bowie, men det er eit verk av ein meisterleg musikar som har byrja å like det han gjer igjen og ikkje er redd for å la ting utvikle seg naturleg.»[15] Rolling Stone-kritikaren Greg Tate skildra plata som «eit album som blir betre for kvar gong ein høyrer det» og «og stadfestar observasjonen til Richard Pryor om at dei kalla dei gamle vise menn, fordi alle dei unge vise mennene er døde».[21] Alternative Press var nøgd og skildra Hours som «eit meisterverk», og la til at «Bowie har gått attende til det grunnleggjande som han aldri skulle ha forlate».[16]

Ryan Schreiber i Pitchfork kritiserte albumet og sa: «Hours går for ein romleg, men ikkje dess mindre adult-contemporary-stil som kjem gjennom med same vitalitet og energi som ein rotnande trestubbe.» Schreiber sa vidare: «Nei, det er ikkje eit nytt lågpunkt, men det treng ikkje å bety at det ikkje er pinleg.»[19] Select-skribenten John Mullen rekna albumet som ei forbetring frå Earthling, men samanlikna Bowie med ei «meir høgkulturell» utgåve av Sting og konkluderte: «Sjølv på den personlege eksorsismen på 'Seven' manglar det presserande som indikerer at det 'vedkjennande' berre er nok ein stil Bowie prøver seg på.»[22]

Utgjeving endre

Ei utgåve med ekstra spor kom ut i 2004. I januar 2005 gav det nye selskapet til Bowie, ISO Records, ut Hours som ei dobbeltplate der den andre plata inneheldt remiksar, alternative versjonar og B-sider frå singlane.[24]

Marknadsføring endre

Bowie tok albumet ut på den tre månader lange Hours-turneen seint i 1999. I august spelte han på VH1-programmet Storytellers, og i oktober framførte han «Thursday's Child» og «Rebel Rebel» på Saturday Night Live.[25] Framsyninga hans på VH1 Storytellers kom ut i 2009 som VH1 Storytellers. I 2020 kom konsertalbumet Something in the Air (Live Paris 99),[26] og i 2021 kom David Bowie at the Kit Kat Klub (Live New York 99).[27]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av David Bowie og Reeves Gabrels; utanom «What's Really Happening?» med tekst av Alex Grant.

Standardutgåva
Nr.TittelLengd
1.«Thursday's Child»5:24
2.«Something in the Air»5:46
3.«Survive»4:11
4.«If I'm Dreaming My Life»7:04
5.«Seven»4:04
6.«What's Really Happening?»4:10
7.«The Pretty Things Are Going to Hell»4:40
8.«New Angels of Promise»4:35
9.«Brilliant Adventure»1:54
10.«The Dreamers»5:14
Japansk utgåve
Nr.TittelLengd
11.«We All Go Through»4:10
2004-utgåva
Nr.TittelLengd
11.«Something in the Air» (American Psycho remix)6:02
12.«Survive» (Marius de Vries-miks)4:18
13.«Seven» (Demo)4:07
14.«The Pretty Things Are Going to Hell» (Stigmata-versjonen)4:46
15.«We All Go Through»4:10
CD 2 av 2005-utgåva
Nr.TittelLengd
1.«Thursday's Child» (rock mix)4:29
2.«Thursday's Child» (Omikron: The Nomad Soul-versjonen)5:35
3.«Something in the Air» (American Psycho-miks)6:03
4.«Survive» (Marius de Vries-miks)4:18
5.«Seven» (demo)4:07
6.«Seven» (Marius de Vries-miks)4:13
7.«Seven» (Beck-miks #1)3:46
8.«Seven» (Beck-miks #2)5:14
9.«The Pretty Things Are Going to Hell» (edit)4:00
10.«The Pretty Things Are Going to Hell» (Stigmata-versjonen)4:49
11.«The Pretty Things Are Going to Hell» (Stigmata-versjonen frå filmen)4:00
12.«New Angels of Promise» (Omikron: The Nomad Soul-versjonen)4:38
13.«The Dreamers» (Omikron: The Nomad Soul lengre versjon)5:43
14.«1917»3:29
15.«We Shall Go to Town»3:55
16.«We All Go Through»4:11
17.«No-one Calls»3:50

Medverkande endre

Henta frå AllMusic.[28]

  • David Bowie – trommeprogrammering, 12-strengsgitar, klaverinstrument, produsent, vokal
  • Sterling Campbell – trommer
  • Mike Levesque – trommer
  • Reeves Gabrels – trommeprogrammering, gitar, produsent, synthesizerprogrammering
  • Chris Haskett – rytmegitar (på «If I'm Dreaming My Life»)
  • Holly Palmer – korvokal (på «Thursday's Child»)
  • Mark Plati – bassgitar, akustisk og elektrisk 12-strengsgitar, synth og trommeprogrammering, mellotron (på «Survive»)
  • Everett Bradley – perkusjon (på «Seven»)
Teknisk
  • Kevin Paul – lydteknikar
  • Ryoji Hata – assisterande lydteknikar
  • Jay Nicholas – assisterande lydteknikar
  • Andy VanDette – mastering

Salslister endre

Vekeslister endre

Vekeslister 1999
Liste (1999) Plassering
Australske album (ARIA)[29] 33
Austerrikske album (Ö3 Austria)[30] 2
Belgiske album (Ultratop Flandern)[31] 12
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[32] 12
Kanadiske album (RPM)[33] 21
Den danske albumlista (Hitlisten)[34] 7
Nederlandske album (MegaCharts)[35] 31
Finske album (Suomen virallinen lista)[36] 39
Franske album (SNEP)[37] 7
Tyske album (Media Control)[38] 4
Den japanske albumlista (Oricon)[39] 14
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[40] 21
Norske album (VG-lista)[41] 4
Skotske album (OCC)[42] 14
Svenske album (Sverigetopplistan)[43] 2
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[44] 18
Britiske album (OCC)[45] 5
US Billboard 200[46] 47

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[47] Gull 112,900[48]
Storbritannia (BPI)[49] Sølv 60 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder endre

  1. «David Bowie - News, September 1999». bowiewonderworld.com. Arkivert frå originalen 23. juli 2019. Henta 19. september 2021. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Pafford, Steve (1999). «Wednesday's Child». Record Collector: 24–25. 
  3. Lariviere, Aaron (22. mars 2013). «David Bowie Albums From Worst To Best: Hours...». Stereogum. Arkivert frå originalen 215. september 2021. Henta 25. juni 2015. 
  4. Cummings, Sue (22. september 1999), «The Flux in Pop Music Has a Distinctly Download Beat to It», New York Times, arkivert frå originalen 116. september 2021, henta 19. september 2021 
  5. 5,0 5,1 «Billboard Newspaper». 5. juni 1999. s. 101. 
  6. Roberts, Chris (November 1999). «Station to Station». Uncut. s. 44–64. 
  7. Chart Beat Thursday: Eminem, Jason Derulo, Cyndi Lauper Arkivert 12. september 2021 ved Wayback Machine. Billboard. Henta 20. februar 2012
  8. The Nomad Soul (manual/booklet) (PDF). Eidos Interactive. 1999. 
  9. «Pushing Ahead of the Dame - Omikron: The Nomad Soul (& BowieBanc & BowieNet)». 10. september 2021. Arkivert frå originalen 25. mai 2017. Henta 12. september 2021. /
  10. «Pushing Ahead of the Dame - Brilliant Adventure». 26. november 2013. Arkivert frå originalen 17. september 2016. Henta 12. september 2021. /
  11. «David Torn and Reeves Gabrels Talk ReRecording Bowie». 29. oktober 2018. Arkivert frå originalen 19. september 2021. Henta 19. september 2021. 
  12. 12,0 12,1 «David Bowie Hours …». Uncut. November 1999. s. 143. 
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 13,5 «David Bowie: How Tin Machine Saved Him From Soft Rock». 22. mai 2019. Arkivert frå originalen 19. september 2021. Henta 19. september 2021. 
  14. Ives, Brian (20. februar 2017). «David Bowie: A Look Back at His '90s Era – When He Got Weird Again». Arkivert frå originalen 12. september 2021. Henta 24. august 2021. 
  15. 15,0 15,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Hours – David Bowie». AllMusic. Henta 12. september 2021. 
  16. 16,0 16,1 «David Bowie Hours». Alternative Press: 88. December 1999. 
  17. Willman, Chris (11. oktober 1999). «hours …». Entertainment Weekly. s. 77–78. Arkivert frå originalen 6. november 2016. Henta 12. september 2021. 
  18. Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. 
  19. 19,0 19,1 Schreiber, Ryan. «David Bowie: Hours». Pitchfork. Arkivert frå originalen 3. mars 2011. Henta 26. april 2011. 
  20. «David Bowie Hours …». Q. November 1999. s. 120. 
  21. 21,0 21,1 «David Bowie: Hours: Music Reviews». Rolling Stone. 28. oktober 1999. Arkivert frå originalen 22. juni 2008. Henta 30. juni 2010. 
  22. 22,0 22,1 Mullen, John (November 1999). «David Bowie hours …». Select. s. 87. 
  23. Walters, Barry (November 1999). «David Bowie hours …». Spin. s. 181, 184. Henta 12. september 2021. 
  24. James, Brian (8. april 2004), «David Bowie: Hours [Reissue]», Pop Matters, arkivert frå originalen 8. november 2013, henta 19. september 2021 
  25. «SNL Show». 2. oktober 1999. Henta 18. september 2021. 
  26. Richards, Will (24. august 2021). «Listen to David Bowie's new 1999 live album 'Something In The Air'». Henta 19. september 2021. 
  27. Kreps, Daniel (17. mars 2021). «David Bowie's 'Brilliant Live Adventures' Series Closes With Famed 1999 NYC Gig». Henta 7. september 2021. 
  28. «Hours - David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 11. juli 2015. Henta 19. september 2021. 
  29. "David Bowie – Hours...". Australiancharts.com. Hung Medien.
  30. "David Bowie - Hours..." (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien.
  31. "David Bowie – Hours..." (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien.
  32. "David Bowie – Hours..." (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien.
  33. «Top Albums/CDs - Volume 69, No. 26». RPM. 18. oktober 1999. Henta 17. september 2019. 
  34. «Listen - Danmarks Officielle Hitliste - Udarbejdet af AIM Nielsen for IFPI Danmark - Uge 41». Ekstra Bladet (på dansk) (København). 17. oktober 1999. 
  35. "David Bowie – Hours...". Dutchcharts.nl. Hung Medien.
  36. "David Bowie: Hours..." (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland.
  37. "David Bowie – Hours...". Lescharts.com. Hung Medien.
  38. "Longplay-Chartverfolgung at Musicline". Musicline.de. Media Control.
  39. «Highest position and charting weeks of Hours... by David Bowie» (på japansk). Oricon Style. Arkivert frå originalen 5. mars 2014. Henta 12. september 2021. 
  40. "David Bowie – Hours...". Charts.org.nz. Hung Medien.
  41. "David Bowie – Hours...". Norwegiancharts.com. Hung Medien.
  42. "19991010 Top 40 Skotske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  43. "David Bowie – Hours...". Swedishcharts.com. Hung Medien.
  44. "David Bowie – Hours...". Swisscharts.com. Hung Medien.
  45. "David Bowie | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  46. "David Bowie Album & Song Chart History" Billboard 200 for David Bowie. Prometheus Global Media.
  47. «French album salstrofé – David Bowie – Hours» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  48. «Les Albums Or». infodisc.fr. SNEP. Arkivert frå originalen 28. august 2012. Henta 24. august 2012. 
  49. «British album salstrofé – David Bowie – Hours». British Phonographic Industry.  Enter Hours in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go

Bakgrunnsstoff endre