«Sørumsbåten»

«Sørumsbåten» er ein stokkebåt av eik.Båten er og kjend som Bingenbåten, etter funnstaden. Han er datert til ca 170 f.Kr.[1], og er den eldste båten som er funne i Noreg. Dette er i førromersk jernalder. Han vart funnen i 1995 i Glomma nedanfor Bingsfossen ved utløpet av Rømua i dåverande Sørum kommune, no i Lillestrøm kommune. Sjølve utgravinga fann stad i 1997.

Båten som er funne ein uthola eikestamme som er 0,5 meter brei og 9,8 meter lang. Truleg har båten vore lengre, kan hende 11 meter.

Sjølve båten er konservert og er sidan 2005 stilt ut på Norsk Maritimt MuseumBygdøy.

I 2004 vart det laga ein kopi som vart sjøsett ved Fetsund lenser der han ligg i dag.

Båten inspirerte utforminga av kommunevåpenet til Lillestrøm kommune.[2]

KjelderEndra

  1. Arne Emil Christensen: Forfedrenes farkoster Norsk skipsbyggerkunst fra de eldste tider, PAX FORLAG A/S, OSLO 2022, ISBN 978-82-530-4310-4
  2. «Stokkebåten er vårt kommunevåpen». Lillestrøm kommune. 19. desember 2019. 

LitteraturEndra