Áhkká er det lulesamiske namnnet på eit fjellmassiv i Stora Sjöfallets nasjonalpark i det nordvestlege Lappland i Nord-Sverige, på svensk er det Akka. Stortoppen når 2 016 meter over havet. Massivet består av bratte toppar og isbrear ved sørenden av vatnet Akkajaure. Høgdeskilnaden frå vassyta på Akkajaure til høgste toppen er 1 563 meter, den største for noko svensk fjell. Den nest høgste toppen er Borgtoppen, cirka 1 963 meter, oppkalla etter fotografen Borg Mesch. På nordsida ligg mellom anna Hambergs jökel mellom kammen på Borgtoppen og kammen opp til Dubbeltoppen, og Hylljökeln, som ligg mellom ryggane av Stortoppen og Borgtoppen. På vestsida ligg Västjökeln og på sørsida ligg Borgjökeln. På ryggen opp mot Stortoppens finst eit hakk med bratte sider.

Áhkká
fjell
Áhkká frå Áhkájávrre, juli 2000
Land  Sverige
Fjellkjede Dei skandinaviske fjella
Topp Lappland
 - høgd 2 016 moh.
 - Primærfaktor 1 105 m
 - koordinatar 67°35′0″N 17°29′0″E / 67.58333°N 17.48333°E / 67.58333; 17.48333
Kart
Áhkká
67°34′41″N 17°29′05″E / 67.578055555556°N 17.484722222222°E / 67.578055555556; 17.484722222222
Wikimedia Commons: Akka (Sweden)

Namnet har rot i den samiske mytologien, Akka er den samiske gudinna som stod for alt det kloke og vakre i verda. Dette forklarar kvifor "akka" vert nytta som namn på farmor, mormor og andre gamle, kloke kvinner i det samiske språket. Akka er og namnet på leiargåsa i Selma Lagerlöf si bok Nils Holgerssons underbara resa genom Sverige, noko som viser til hennar rolle som gammal og klok.

Bakgrunnsstoff endre