Sydsamisk-norsk ordbok (Åarjelsaemien-daaroen baakoegærja) er ei ordbok skriven av Knut Bergsland og Lajla Mattson Magga. Boka kom ut i 1993Iđut. Ho er, attåt Sydsamisk-svensk-sydsamisk ordbok frå 2007 den einaste papirordboka frå sørsamisk som er publisert med ein normert sørsamisk ortografi. Den viktigaste kjelda for denne ordboka er Gustav Hasselbrink si trebands ordbok Südlappisches Wörterbuch, men ho har også henta materiale frå alle andre tilgjengelege kjelder, Halász og Lagercrantz sine tekstar, og framfor alt Bergsland sine eigne tekstar.

Sydsamisk-norsk ordbok er deskriptiv heller enn normativ på den måten at i valet mellom to dialektformer fører ordboka opp begge formene.

BakgrunnsstoffEndra