Ågestaverket (ASEA) var det første kjernekraftverket i Sverige. Bygginga starta i 1957 og verket stod ferdig i 1962. Kraftverket var i drift frå 1964 til 1974 og gav hovudsakleg fjernvarme til bydelen Farsta i Stockholm, saman med små mengder elektrisitet (12 MWe og 68 MW termalt). Det er alment akseptert at dei underjordiske reaktorane hadde militære føremål og kunne produsere plutonium.[1]

Kontrollrommet i Ågestaverket

Selskapa Elverk og Statens Vattenfallsverk bygde Ågestaverket. Før det stod ferdig vart ein større reaktor, Marviken eller R4, bygd. R4-reaktoren skulle nyttast til både elektrisitet og plutoniumproduksjon, men vart kansellert i 1970.

Ågestareaktoren, med 10 MW, var mykje mindre enn seinare svenske reaktortypar. Reaktoren var ein del av eit prosjekt kalla Svenska Linjen, eit internasjonalt initiativ om å nytte naturleg uran (ikkje opprika) som brensel i kommersielle kraftverk. Kraftverket vart mellom anna lagt ned på grunn av låge oljeprisar og dårleg økonomi.

Kjelder endre

Fotnotar
  1. «Neutral Sweden Quietly Keeps Nuclear Option Open». The Washington Post. 25. november 1994. 

59°12′21.68″N 18°4′58.34″E / 59.2060222°N 18.0828722°E / 59.2060222; 18.0828722