Ågot Gammersvik
Ågot Gammersvik (fødd 30. mars 1949 i Drammen) er ein norsk etnolog og museumsarbeidar. Ho sit frå 2008 i Strategisk råd for reiseliv.
Ågot Gammersvik | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 30. mars 1949 (75 år) Drammen kommune |
Gammersvik er utdanna som etnolog ved universiteta i Bergen og Oslo. Ho har arbeidd på oppdrag frå Nordfjord folkemuseum og fleire fylkeskonservatorar. I 1985 gjekk ho inn i museumsbransjen som direktør og konservator for Hardanger folkemuseum. Ho var i perioden 2001–02 direktør ved Norsk Sjøfartsmuseum, og er frå 2002 direktør ved museet Maihaugen på Lillehammer.
Gammersvik har vore oppteken av å dokumentere samtida og rolla musea har i reiseliv, og ho har delteke i prosjekt som «På sporet av den tapte samtid» og «Dokument 2000». Ho har jobba ofte med strategisk museumsutvikling, mellom anna i samarbeidet mellom Maihaugen og Norsk Folkemuseum.
Kjelder
endre- «Ågot Gammersvik» i Allkunne, innhenta 8. august 2010.