Ål i Hallingdal
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Ål.
Ål er ein tettstad og administrasjonssenteret i Ål kommune i Viken. Tettstaden ligg midt i Hallingdalen, ved den austlege enden av Strandafjorden, og har 2 346 innbyggjarar per 1. januar 2017.[1]
Ål | |||
Sundre | |||
tettstad | |||
Ål sett frå Sundreberget
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Viken | ||
Kommune | Ål | ||
Areal | 2,65 km² | ||
Folketal | 2 346 (2022) | ||
Folketettleik | 885 / km² | ||
Postnummer | 3570 Ål | ||
Innbyggjarnamn | åling | ||
Preposisjon | på Ål | ||
![]() Ål i Hallingdal | |||
Wikimedia Commons: Ål (village) | |||
Størstedelen av tettstaden ligg på nordsida av Hallingdalselve, og heiter Sundre. Dei små forstadene rundt er Hago, Vestlia og Granhagen. Riksveg 7 går gjennom Ål på nordsida av elva og på sørsida ligg Ål stasjon, som er stoppestad for Bergensbanen.
Ål er eit handels- og skulesentrum, og har kulturhus, Ål kulturhus med Hallingrosa, ei utstilling av rosemålingskunst, og ei større permanent Rolf Nesch-utstilling. Her er også sjukestove med base for Norsk Luftambulanse.[2] Avisa Hallingdølen kjem ut på Ål tre dagar i veka.
Sundre var den førande garden i Ål i mange år, og vart sentrum av di både Ål kyrkje, Ål stavkyrkje, og tingstugu vart lagt i dette området. Når lokalkjende hallingar i dag snakkar om Ål sentrum, nyttar dei framleis omgrepet «på Sundre». Folk utanfor dalen brukar gjerne nemninga «på Ål» i same tyding. Sundre er rekna til om lag rett ovanfor Ål kyrkje.
Folkemengd endre
Folketalsutvikling på Ål | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innbyggjarar | |||
1920 | 385 | |||
1930 | 559 | |||
1946 | 842 | |||
1950 | 920 | |||
1960 | 956 | |||
1970 | 1 345 | |||
1980 | 1 928 | |||
1990 | 2 079 | |||
2000 | 2 226 | |||
2009 | 2 270 | |||
2012 | 2 367 | |||
Kjelder: |
Kjelder endre
- ↑ «Ål». Store norske leksikon. 13. juli 2017. Henta 15. april 2018.
- ↑ «Ål – tettstedet». Store norske leksikon. 14. januar 2016. Henta 7. september 2016.