Ål stavkyrkje

tidl. stavkyrkje i Ål i Hallingdal

62°37′42.91″N 8°33′9.82″E / 62.6285861°N 8.5527278°E / 62.6285861; 8.5527278

Stavkyrkja teikna av Georg Bull i 1865
Portalen som er teke vare på frå Ål stavkyrkje.
Foto: John Erling Blad
Tuftene etter Ål stavkyrkje er markert med eit skilt.
Foto: Jan-Tore Egge

Ål stavkyrkje var ei mastestavkyrkje (stavkyrkje med heva midtrom) som stod i Ål i Ål kommune, rive i 1880, same året som Ål kyrkje vart teke i bruk. Ein portal frå kyrkja, og ein kvelv av tre over koret i kyrkja, vart teke vare på, og er nå i Kulturhistorisk museum (Universitetets Oldsaksamling) ved Universitetet i Oslo. Men det er òg mellom anna kome for dagen materiale frå kyrkja i samband med restaurering av den noverande Ål kyrkje, då materiale frå stavkyrkja har vore nytta under bygginga av denne kyrkja, og delar av inventaret har dessutan vore lagra her.

Ei planke frå stavkyrkja har ei innskrift i runer: «Toralf gjorde denne kyrkja, Geirstein var med og Gunnar, Vidar, Eyvind, Eirik, Gunnar. Nå har eg ristet alles (namn)». Ein tilleggstekst lyder «Alf var òg (med)». Denne Toralf eller Torolf kan ha vore den same byggmeistaren som er nemnd i ei runeinnskrift i Torpo stavkyrkje.

Portalen endre

Portalen er av den typen som i kunsthistoria har fått nemninga Sogn-Valdres-gruppa, og er både av teknisk og kunstnerisk høg kvalitet. Nedst på kvar av de to sideplankane er synt eit rovdyrhovud som or den opne kjeften spyr ei bølgjande ranke oppover planken, og i greinene med lauvet som gror i sirklar ut frå ranken er det små drakar. I midtstykket over inngangsdøra finst ein drake som to andre drakar går til åtak på. Døropninga er er flankert av halvsøyler med kapitel, og med ein stiliserte dyrefigur (ei «løve») plassert oppå kvart av kapitela. På søylene, kapitela og drakane er det funne spor etter sort, raud og kvit farge som tyder på at figurane har vore måla i si tid.

Trekvelven i koret endre

Over koret i kyrkja var det ein kvelv av tre som er rikt dekorert med til saman 23 målte scener frå Jesu liv og lagnad, og difor vart teke vare på då kyrkja vart rive. Kvelven med måleria, som er frå mellomalderen, er no stilt ut i Kulturhistorisk museum (Oldsakssamlingen) i Oslo.

Tuften etter stavkyrkja endre

Tuften der Ål stavkyrkje låg, eit par hundre meter vest for dagens Ål kyrkje, eksisterer framleis. Eit informasjonsskilt er sett opp på staden.

Litteratur endre

  • Fuglesang, Signe Horn (redaktør). 1996. Middelalderens bilder : utsmykningen av koret i Ål stavkirke [fotografi hovudsakleg ved Eirik Johnsen]. [Oslo]: Cappelen (i serien Cappelens kunstfaglige bibliotek). ISBN 82-02-15998-9

Bakgrunnsstoff endre