Åråsen Stadion

(Omdirigert frå Åråsen stadion)

Koordinatar: 59°57′45.706″N 11°3′48.449″E

Åråsen Stadion er heimebanen til Lillestrøm Sportsklubb og kan ta 12 500 menneske. Stadionet vart offisielt opna laurdag 7. juli 1951. Før 1951 nytta fotballen i Lillestrøm fleire forskjellige idrettsplassar kring Lillestrøm. Eigaren er Lillestrøm Sportsklubb.

Åråsen Stadion

Adresse C.J. Hansens vei 3b
2007 Kjeller
Eigar Åråsen Eiendom AS
Drift Åråsen Eiendom AS
Brukarar Lillestrøm Sportsklubb (fotball)
Underlag Gras
Kapasitet 12 500
Historiske årstal
Påbegynt
1950
Opna
1951
Stengd
Flyfoto av Åråsen stadion og LSK-hallen (2015)

Åråsen er delt inn i fire forskjellige tribuneseksjonar: Notartribunen (der Kanarifansen har sitt felt), Romerikes Blad-tribunen, Lillestrøm Torv-tribunen, og Legea-tribunen. Dei tre siste vart bygd i 2002.

På slutten av 1990-talet vart Åråsen utbygd til den moderne stadion ein finn i dag. Den gamle sitjetribunen er den einaste som er att av det tidlegare anlegget. I 2005 vart Åråsen ytterlegare utbygd med fleire kvadratmeter med næringslokale. Kapasiteten på stadion i dag er rundt 12 000 etter at heile tribunen vart fylt med sete.

På grunn av nærleiken til Kjeller flyplass er Åråsen ein av særs få stadion der flaumlysmastene vert heist ned etter kvar kamp.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre