Åsgårdstrand

tettstad i Vestfold

Åsgårdstrand er ein tettstad sør i Horten kommune i Vestfold og Telemark. Åsgårdstrand var tidlegare eigen kommune og har òg hatt status som ladestad. Tettstaden har 3 091 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg ved Oslofjorden. Noko av busetjinga sør i tettstaden ligg i Tønsberg kommune.

Åsgårdstrand
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestfold og Telemark
Kommune Horten
Areal 1,59 km²
Folketal 3 091 (2017)
Folketettleik 1 944 / km²
Postnummer 3179 ÅSGÅRDSTRAND
Kart
Åsgårdstrand
59°20′56″ N 10°28′3″ E
Wikimedia Commons: Åsgårdstrand

HistorieEndra

Åsgårdstrand vart ladestad frå 1650 under Tønsberg. I 1660 vart Åsgårdstrand overført til å liggje som ladestad under Holmestrand. I 1752 fekk ladestaden privilegium til å drive handel med innanlandske varer. Frå byrjinga av 1800-talet var Åsgårdstrand ei livleg utføringshamn for trelast, mellom anna til Nederland. Handelen stagnerte då seglskutetida tok slutt.

 
Huset til Edvard Munch i Åsgårdstrand er i dag museum.

Staden vart etter kvart kjend som sentrum for kunstnarar og sidan 1880-åra har ei rekkje kunstnarar søkt til Åsgårdstrand, mellom dei Edvard Munch, Christian Krohg og Hans Heyerdahl. Kunstnarane verdsette det særmerkte ljoset i Åsgårdstrand.

Åsgårdstrand kommunen vart oppretta som Åsgårdstrand formannskapsdistrikt i 1837. Kjøpmann og skipsreidar Anders Riddervold vart då vald til fyrste ordførar i Åsgårdstrand.

Åsgårdstrand har vore ein populært ferie- og badestad sidan 1920-åra. Både dronning Juliana av Nederland, den verdskjende italienske tenoren Formici, og prominente gjester frå Oslo og andre med god råd kom til eit av dei fire hotella i byen kvar sommar. Sommargjester er framleis med på å prege byen.

1. januar 1965 vart Åsgårdstrand og Borre kommunar, samt ein del av Sem (126 innbyggjarar frå Stang) slegne saman til Borre kommune. Åsgårdstrand hadde ved samanslåinga 488 innbyggjarar og var då Noregs minste kommune. Borre kommune er sidan slegen saman med Horten kommune.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

Delar av artikkelen byggjer på «Åsgårdstrand» henta frå Wikipedia på bokmål 12. oktober 2008.

BakgrunnsstoffEndra