Åshild er eit norsk kvinnenamn av norrønt opphav. Det er bygd opp av dei norrøne orda áss, «gud», og hildr, «strid».

Variantar er Aashild, Åsil og Åsild.

Åshild har namnedag 8. februar.

BrukEndra

Åshild er eit noko nytta namn i Noreg, men er særs lite brukt i andre land. Varianten Áshildur er kjend på Island. I Noreg var Åshild mest populært som namn på jenteborn på 1940-talet, men sjølv då var det ikkje av dei vanlegaste namna.

Tabellen nedanfor gjev ein detaljert oversikt over populariteten til fornamnet Åshild og variantar av dette i nokre av dei landa der statistikk er tilgjengeleg.

Land Av kvinner i landet Av jenteborn
Tal Prosent Rangering Tal Prosent Rangering
Noreg[1] Åshild 3 225 (2006) 0,14 % 170. 12 (2006) 0,04 % 306.
Noreg[1] Aashild 395 (2006) 0,02 % 543. - (2006) - (> 465.)
Island[2] Áshildur 25 (2004) 0,02 % - - (2000-2004) - (> 99.)
Færøyane[3] Áshild 5 (2006) 0,02 % 580. - (2006) - (> 60.)

Kjende personar med namnetEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Navnestatistikk». Statistisk sentralbyrå.  Statistikk for namn i Noreg
  2. «Nöfn í þjóðskrá». Hagstofa Íslands.  Statistikk for namn på Island (islandsk)
  3. «Íbúgvaviðurskifti og val». Hagstova Føroya.  Statistikk for namn på Færøyane (færøysk)