Åsmarka kyrkje er ei åttekanta kyrkje i lafteverk i Ringsaker kommune, Innlandet. Dette vert rekna som den fyrste kyrkja til Jacob Wilhelm Nordan.

Åsmarka kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Ringsaker
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Ringsaker
Sokn Åsmarka
Fellesråd Ringsaker
Type Åttekanta
Teknikk Lafteverk
Material Tre
Innvigd 1859
 - Endringar Rest. 1901 og 1960
Kyrkjegard Ved kyrkja
Døypefont Søren Bjerke
Altartavle Lars Jorde, 1901 (e. Eilif Peterssens altarbilete i Vang kyrkje)
Orgel Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk, 1981
Sitjeplassar 180[1]
Kart
Åsmarka kyrkje
61°00′42″N 10°46′48″E / 61.01166667°N 10.78°E / 61.01166667; 10.78
Wikimedia Commons: Åsmarka kirke

Kyrkja er knytt til Ringsaker prestegjeld i Den norske kyrkja og det var ikkje eiga kyrkje i bygda før denne. Næroset, Åsmarka og Sør-Mesna sokna til Åsmarken kapell (Mesnalia fikk egen kirke i 1933).[2]

Historie endre

Byggverket er i tømmer og har 180 plassar. Rasmussen skildrar kyrkja som «tilnærmet schweitzerstil».[3] Ein del av byggearbeidet vart utført på dugnad, mellom anna hogging og framkøyring av tømmer. Arbeidet vart utført i 1859, og i oktober var snikkararbeidet ferdig. Kyrkja vart truleg innvigd tidleg i 1860. Bygget ligg høgt og fritt med utsikt over innsjøen Næra. Bygget har ståande panel som er intakt (per 1995). Våpenhuset var opphavleg utført i to etasjar, men dette vart demontert omkring 1959 og eit tilbygg på ein etasje sett opp i staden. Fire stolpar i kyrkjerommet støtter under taket med ein firkanta takryttar. Dei opphavleg småruta vindauga er teke var på i sakristiet (per 1995). Omkring 1900 fekk bygget brystning (halvt panel) utanpå tømmeret innvendig, omkring 1959 vart tømmerveggane heilt dekte av panel innvendig. Kyrkja fekk altertavle omkring 1900 (måla av Lars Jorde), opphavleg var det berre eit enkelt alter. Kyrkja fekk nytt orgel i 1981. Under kampane ved Åsmarka traff granatsplintar kyrkja og spora er fortsatt synlege i altertavla og i ei søyle. Kampane i Åsmarka var dei første kampane på land mellom britiske og tyske styrkar under andre verdskrigen. Kyrkjegarden har minne om ein britisk soldat som fall i nærleiken.[2]

Interiør endre

Fotnotar endre

  1. Kyrkjesøk, arkivert frå originalen 22. mars 2016, henta 4. november 2013 
  2. 2,0 2,1 Røhnebæk, Trond (1995). Kirker i Ringsaker. Brøttum, Furnes, Nes, Ringsaker og Veldre historielag. 
  3. Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. ISBN 82-7527-022-7.

Litteratur endre

  • Enemo, Egil og Røhnebæk, Trond, red. (1995). Kirker i Ringsaker. Historielagene i Ringsaker. s. 69-72. ISBN 8299175682. 
  • Fretheim, Marit. Åsmarka kirke.  [folder]
  • Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 635. ISBN 82-7527-022-7. 

Bakgrunnsstoff endre