Åsta er ei bygd i Åmot kommune i Innlandet. Ho ligg ca. 7 km sør for Rena i Østerdalen og er sentrert om elva Åsta sitt utløp i Glomma frå vest. Busetnaden ligg på begge sider av Glomma, med størst konsentrasjon langs Vidar Sandbecks veg på sørsida av Åstaelva. Dei to sidene av Glomma er bundne saman av Glomstadfoss bru. Dette er ei smal hengebru med ei vektavgrensing på halvtanna tonn.[1][2] Riksveg 3 kryssar Åsta på Åsta bru. Den fyrste brua kom i 1903,[3] medan den noverande brua er frå 2014.[4] Den tidlegare bruagår parallelt med riksvei 3 og blir brukt til lokaltrafikk.

Åsta
bygd
Åsta aust
Land  Noreg
Kart
Åsta i Åmot
61°04′26″N 11°20′53″E / 61.074°N 11.348°E / 61.074; 11.348
Wikimedia Commons: Åsta (village)
Det tidlegare stasjonsområdet på Åsta
Minnesmerke over Åsta-ulukka

Det var kampar ved Åsta i aprildagane 1940.[5]

I tidlegare tider blei det drive tømmerfløyting i Åsta, men fløytinga i sideelvene til Glomma blei praktisk talt avvikla tidleg på 1970-talet.[6]

Åsta var 4. januar 2000 åstad for Åsta-ulukka, ein jarnbanekollisjon som tok 19 menneskeliv. Den tidlegare stasjonen ligg nord for Åsta-elva og aust for riksveg 3. Det står eit minnesmerke over ulukka ved ein rasteplass ved avkjøringa til stasjonen, og like ved sida av dette er eit krigsminnesmerke.

Kjelder endre

  1. Håkon Aurlien (2007). «Bekymret for de kommunale bruene». Vegen og vi (Statens vegvesen) (17): 6. Arkivert frå originalen 27. september 2016. Henta 26. september 2016. 
  2. Statens vegvesen: Vegliste, bruksklasse − tillatt last og vogntoglengde
  3. Leif Norberg m.fl. (1985). Gamle Aamot i bilder 1. Rena rotaryklubb. s. 67. ISBN 82-992769-2-6. 
  4. Innovasjon Norge om Åsta bru Arkivert 2016-09-27 ved Wayback Machine..
  5. Leif Norberg (1990). «Kampene ved Åsta». Åmot under solkors og hakekors. Aprildagene 1940 og okkupasjonstiden. s. 15−16. ISBN 82-992200-0-9. 
  6. Torgeir Frysjordet (1978). «Fløting og annen langtransport». I Sigmund Moren. Hedmark. Gyldendal. s. 207. 

Litteratur endre