Æge, norrønt Ægir, er herskaren over havet i norrøn mytologi. Han er gift med Rån (Ran), og saman har dei ni døtrer, havbølgjene. Han er ofte kalla ein jotun, og omtalt som sonen til jotunen Fornjótr, som var konge av Finland, og bror til Logi (eld) og Kári (vind). Andre stader er kva type vesen han er uklårare. I Skáldskaparmál av Snorre Sturlasson blir Æge identifisert med Gymer (Gymir) og Hlér som budde på Hlesey (Læsø).

Æge-hovud ved vikinglandsbyen i Fotevikens Museum i Skåne.

Æge er kjend for gjesteboda sine. I Lokasenna (Loketretta) held han ein fest for æsene som blir øydelagd av Loke.

Kjelder endre