Édouard Detaille
Jean Baptiste Édouard Detaille (5. oktober 1848–23. desember 1912) var ein fransk målar. Detaille måla detaljert og nøyaktig akademisk kunst, og er særleg kjend for sine militærmåleri som skildra enkeltsoldatar, slag og militærhistorie.
Édouard Detaille | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 5. oktober 1848 Paris |
Død |
24. desember 1912, 23. desember 1912 (64 år) |
Yrke | kunstmålar, grafikar |
Sjanger | historiemåleri |
Medlem av | Ligue de la patrie française, Royal Academy of Arts, Académie des beaux-arts, Société des Artistes Français |
Édouard Detaille på Commons |
Édouard Detaille blei lærling av Jean-Louis-Ernest Meissonier i 1865 og debuterte på salongen i Paris i 1867. Han var med i den franske hæren under den fransk-prøyssiske krigen 1870-71, og fekk med dette ein ny motivkrets. Saman med Alphonse de Neuville måla han to panoramabilete med motiv frå krigen.
Etter ein ekspedisjon til Tunisia måla Detaille slag derfrå, og eit opphald i Russland førte til ei rekke slag-skildringar for tsar Aleksander III.
Detaille gav ut kunstbøker, mellom anna L'Armée Française (1885-1889), som skildra uniformer brukte i hæren.
Galleri
endre-
Le Rêve
-
Le Grenadier
-
Vive L'Empereur
-
Le General d'Hautpoul a Cheval
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Édouard Detaille» frå Wikipedia på engelsk, og «Édouard Detaille» frå Wikipedia på svensk den 23. november 2008.