Île de Noirmoutier

Île de Noirmoutier er ei øy i Biscayabukta utanfor kysten av Frankrike i departementet Vendée.

Île de Noirmoutier
Passage du Gois som fører til øya Noirmoutier.
Passage du Gois som fører til øya Noirmoutier.
Geografi
Stad Biscayabukta
Koordinatar 46°58′N 2°12′W

Administrasjon
Land Frankrike
Departement Vendée

Delar av øya er tatt tilbake av havet. I 2005 var øya målgang for prologen i Tour de France.

Kommunane på øya er samla saman i ein communauté de communes. Desse kommunane er:

Øya er mest kjend for Passage du Gois, ein brulagd sandbanke med ei lengd på 4,5 km mellom øya og fastlandet. Han kjem under vatn to gonger i døgnet på grunn av tidvatnet. Kvart år går kappløpet Foulées du Gois over passasjen, som startar i det floa byrjar.

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Île de Noirmoutier