Koordinatar: 63°17′26.804″N 18°42′49.813″E Örnsköldsvik er ein by i Örnsköldsvik kommun, Västernorrlands län i Sverige. Byen hadde 28 991 innbyggjarar i desember 2010.

Örnsköldsvik er ein stor hamne- og industriby med mellom anna verkstadindustri. I byen finst museum, Gene jernalderby og Mittuniversitetet. Kring 25 km nordaust for byen ligg ein flyplass.

Byen er grunnlagd i 1842 og har fått sitt namn etter landshövding Per Abraham Örnsköld og er ein av få svenske byar som har fått namn etter ein ikkje-kongeleg person. Örnsköldsvik fekk bystatus i 1894.

Selskapet Svensk Etanolkemi ligg i Örnsköldsvik.

Den lokale ishockeyklubben heiter MODO Hockey og er kjend for å ha fostret mange dyktige NHL-spelare, som Peter Forsberg, med fleire. I byen finst òg skihoppanlegget Paradiskullen. Dei fyrste paralympiske vinterleikane vart haldne her i 1976.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre