Øksendalstunnelen
Øksendalstunnelen er ein tunnel på Fv62 i Sunndal kommune i Møre og Romsdal. Tunnelen er 5966 meter lang, og går gjennom Vettafjellet mellom Krokshamn ved Sunndalsøra og Øksendalsøra. Bygginga starta i august 1997, og tunnelen vart opna 28. oktober 2000. Øksendalstunnelen avløyste eit smalt, svingete, bratt og rasfarleg vegparti.
I likskap med mange andre tunnelar i Noreg er Øksendalstunnelen delvis plaga med kondens. Kondensen kan føre til farlege situasjonar fordi bilrutene plutseleg doggar når ein køyrer inn i tunnelen. [1] Arkivert 2007-09-29 ved Wayback Machine.
Sjå òg
endreBakgrunnsstoff
endre- Aura Avis: Renessanse for spøkelsesveien (22. august 2005)
- The World's Longest Tunnel Page