Ørkenlo

fugleart
Ørkenlo
Ørkenlo Foto: Charles Lam
Ørkenlo
Foto: Charles Lam
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Lofamilien Charadriidae
Slekt: Anarhynchus
Art: Ørkenlo A. leschenaultii
Vitskapleg namn
Anarhynchus leschenaultii

Ørkenlo (Charadrius leschenaultii) er ei mellomstor lo, ein typisk vadefugl med eit vidt utbreiingsområde for hekking i det sentrale Asia frå austsida av Kaspihavet austover til over det meste av Mongolia. Dessutan fragmenterte hekkeområde i Tyrkia, Syria, Jordan, Armenia og Aserbajdsjan. Ørkenlo er ein flyttfugl, hekkar på den nordlege halvkula og flyg sør i den boreale vinteren.[1] Dei overvitrar på kystar av Afrika og austover i kystområde til Filippinane, til austkysten av Australia og til Salomonøyane.

Skildring endre

 
Foto: Chung Kiu, Ryan Cheng

Ørkenlo er ei middels stor brun og kvit lo, med kroppslengd på 20 til 25 centimeter og vekt på 55-120 gram. Ho syner kjønnsdimorfisme fjørdrakt i hekketida, men i vinterdrakta er kjønna like. Unge fuglar skil seg frå vaksne i fjørdrakt.[2]

I hekkedrakt har hannen ei gråbrun krone og nakke med ei bleik kastanjeutjamning og kastanjefarga nakkesider. Resten av oversida er lys gråbrun, med raudbrunt i fjørkantane, noko som kan gjeve eit litt skjelaktig utsjånad. Andletet har eit kvitt område i panna med eit svart band over mot krona. Ei svart stripe bakover frå nebbet som utvidar seg ut til å danne ei svart maske over auga og øyredekkarane, og heng dessutan saman med det smale svarte bandet i panna. Kinnet under den svarte maska, strupen og halsen er kvite, kanta mot dei kastanjefarga nakkesidene. Det er eit breitt raudbrunt band over øvre brystet, og dette har nokre gonger eit smalt mørkt band på den øvre kanten mot den kvite strupen.[2] Breidda på brystbandet varierer med underarten, i Aust-Asia er det smalt. Austlege fuglar har òg lengre, kraftigare nebb.[3]

Resten av undersida er kvit, inkludert undergumpen. Undersida av vengen er kvit med ein smal, mørk bakkant. Nebbet er grovt og svart; auga mørkebrune og beina og føtene er bleik grøngrå.

Gumpen har kvite sider og øvre haledekkarar er kvite, og halen har eit svartbrunt subterminalt band. I flukt har oversida av vengene mørke flygefjører og primære dekkfjører med ein smal, kvit bakkant på den indre vegen, sekundærfjørene, og framtredande kvite vengeband. Armfjørdekkarane er gråbrune, eins i farge med dei fleste bakkantane. Føtene er lange og stikk lengre bak enn stjerten i flukta.

Hoa i hekkedrakt liknar hannar bortsett frå at maska og frontbandet er mørkegråbrun, ikkje svart. Krona, nakke og dei kastanjefarga områda på halsen er bleikare enn på hannen, og det er aldri ein svart kant øvst på brystbandet.[2]

Ikkje-hekkedrakta skil seg frå hekkedrakt med mangel på svart og kastanje raudbrunt, dette er erstatta av gråbrunt, og dei utviklar ei brei kvit supercilium, stripe over auge, som endar ut mot den kvite panna.[2]

Juvenile fuglar ser ut som dei vaksne i vinterdrakt, men fjørene på oversida er meir skjelaktige med smale brungule fjørkantar og utydelige mørke striper og subterminale band, og det kan vere brungult utjamning mot andletet og gråbrune flekker på brystkanten, som strekkjer seg som eit utvaska band over brystet på nokre individ.[2]

Ørkenloer er selskapelege utanom hekkesesongen. Då lever dei i flokkar, nokre gonger med opptil fleire hundre fuglar, og ofte saman med andre vadefuglar, særleg sandlo (Charadrius mongolus), sjølv om dei to artane vanlegvis vert verande segregerte når dei kviler på same stad.[2]

Storleiken på populasjonen var estimert til ca. 154 000-339 000 individ i 2016.[4]

Global utbreiing endre

Hekkeområde

Ørkenloer hekkar i Sentral-Asia: i den nordlege Gobi-ørkenen i Mongolia og tilstøytande område i Sør-Sibir, sør for Bajkal-sjøen i Altai-fjella, Tyva-republikken, nordvestlige Kina i vestlege Xinjiang-provinsen, i ørkenen rundt Tien Shan-fjella; frå Søraust-Kasakhstan vest til Aral-sjøen og austkysten av Kaspihavet, og sør til Afghanistan; og på spreidde stader frå Aserbajdsjan, vest til Tyrkia og sør gjennom Syria til Jordan.[1][5]

Utanom hekkesesongen

Når dei ikkje hekkar blir arten registrert i mange kystområde i Australia,[2] spesielt i nord, og dessutan på øyar i det sørlege Stillehavet, inkludert Mikronesia, Ny-Guinea, Salomonøyane og New Zealand. Dei blir òg observerte i Søraust-Asia, inkludert mange område der dei òg vert registrerete under trekket, og i mange kystområde: Thailandbukta, rundt det indiske subkontinentet, rundt Indiahavet, ved breiddene av Raudehavet og søraustlege breidder av Middelhavet, og langs den austlege og sørlege kysten av Afrika, her svært ofte i innlandet.[1] Ein har registrert streiffuglar på øyar i Sørishavet og på den nordlege halvkula i fleire delar av Vest-Europa, nord til Skandinavia og vest til Storbritannia.[1] I Noreg har ørkenlo vore registrert så langt nord som ved Tanafjorden i 1985, dessutan sporadisk i Agder og Rogaland, siste gong ved Kvassheim fyr i 2016.[6]

Habitat endre

I vinterkvarter i Australasia er arten kystnær, lever i litoralregionar og store estuare elvemiljø. Dei kan observerast på skjerma sand-, skjeldekte- eller mudderstrender ved elveutlaup og på kystrev, steina område eller tørrlagte sandbankar på korallrev. Av og til blir dei registrerte på saltsjøar ved kystar, inkludert utkantar av saltsump og brakkvasssumpar. Og berre sjeldan på grunne ferskvassvåtmarker. Under ei alvorleg tørke har ørkenloer blitt registrerte på eit område for husdyr med lite grønt og store, berre område, meir enn 1 km frå næraste vatn.

Ørkenloer pleier vanlegvis å finne føda frå overflata av våt sand eller gjørme, oftare på faste sandleflater enn på mjuke.[7]

Dei kviler vanlegvis på sandpyntar og bankar på strender eller i tidvasslaguner, og av og til på steina område eller i tilstøytande område av saltmarker eller leirflater. Dei har ein tendens til å kvile lenger opp på stranda enn andre vadarar, nokre gonger godt over flomålet.

Hekkehabitat

Ørkenloer hekkar i opne ørkenar eller halvtørre område som anten støtter særs sparsom, xerofytisk vegetasjon eller er heilt ufruktbar, med utgraderingar av berr grus, leire eller salt, eller nokre gonger i sandhol eller på grasdekte platå.[1]

Hekking endre

Ørkenloer legg egga i april og mai. Reiret er ei grunn skrape på bakken fôra med eit tynt lag av plantematerialar, og nokre gonger med sammenfletta kvistar på sidene for å hindra egga i å rulle ut. Kullet består vanlegvis av tre egg, men av og til to eller fire. Begge foreldra deltar i ruging som tar minst 24 dagar. Begge foreldra syt òg for ungane. Ungane blir sjølvstendige etter ca. 30 dagar. På grunn av den nestande vanen deira og kuikernes forgjengelige natur er ørkenloer sårbare for predasjon av rev og andre rovdyr på hekkeområdet.

Føde og beiting endre

Utanom hekketida et ørkenloer mest molluskar, makk, krepsdyr - spesielt små krabber og nokre gonger reker og insekt. I hekkesesongen et dei sannsynlegvis insekt, inkludert biller og maur.

Ørkenloa pleier vanlegvis å søke føde med ein springe-og-pause teknikk som er typisk for mange loartar i slekta Charadrius,[1][7] sjølv om nokre kan sparke med føtene i slam eller sand for å uroe potensielle bytedyr. Dei kan vade så djupt at buken bryt vassflata, og kan sette hovuda sine under vatn. Fuglane beitar ofte einskildvis eller i lause flokkar, ofte med andre artar av vadarar, men har ein tendens til å unngå beiting i område der tettleiken av vadefuglar er høg.[7]

Trekkmønster endre

Fordi avstanden mellom hekkestadene og overvintringsstadene er relativt kort, ca. 7500 km, trur ein at ørkenloer kan gjere turen med berre éin stor kvilestopp undervegs. Ørkenloer blir ofte observert på trekk i store flokkar saman med sandloer. Arten byrjar å danna flokkar på hekkeplassane i midten av juli som førebuing til migrasjon til overvintringsområde.

Trekkruter

Den austasiatiske-australske trekkruta til ørkenloa er meir vestleg enn hos andre vadefuglar som trekker frå Asia mot Australia. Arten blir berre registrert i små mengd under trekket over Aust-Asia, inkludert Aust-Kina og Søraust-Kina, Taiwan og Vietnam, med svært få registreringar lenger aust på den koreanske halvøya og i Japan. Mange er likevel observerte under trekk gjennom Søraust-Asia, til dømes på Filippinane, Malayahalvøya og Indonesia. Nokre er òg registrert under trekk gjennom Ny-Guinea.

Vidare vestover flyttar arten seg gjennom Bangladesh og over land i ein brei front gjennom mykje av Sør- og Sørvest-Asia og Midtausten i august, og dessutan langs den austlege kysten av Afrika i slutten av august og september ([1][5]

Det er anslått at om lag 27-38 % av verdspolulasjonen overvintrar i Australia, og desse representerer ca. 68 % av alle fuglane som nyttar den austasiatiske-australske trekkruta. Ørkenloer som overvintrar i Australia trekker frå hekkeområde i Gobi-ørkenen i Mongolia og tilstøytande område i Sør-Sibir og Nordvest-Kina og kan vere ramma av globale truslar.

Utanom hekkesesong

Australasia: Mesteparten av overvintringsfuglane held seg på Australias nordkyst, med mindre mengder finst langs andre australske kystar, så vel som i Ny-Guinea og New Zealand.[2] Ørkenlo er ein av dei første trekkvadarane som kjem til Nordvest-Australia for overvintring, vanlegvis i slutten av juli. Nokre forlèt det nordvestlige Australia i oktober og november, og det er ein tilsvarande mellombels tilstrøyming lengst nord i Nordterritoriet i oktober, sjølv om desse fuglane har forlate i desember, og trudd å ha trekkt lengre sør. Arten byrjar å forlate sørkysten i mars, flyttar seg nordover langs austkysten, med tilstrøymingar registrert i Queensland i slutten av mars. Fuglane flyg nordover gjennom Top End i Nordterritoriet mellom seint februar og april, og i nokre år har det vore to bølgjer av nordmigrasjon som er registrert der. Dei fleste loer har forlate Top End midt i, eller i slutten av april. I New Zealand kjem dei hovudsakleg i august eller september og returnerer i april.

Øvrige stader i den austasiatisk-australasiatisk trekkruta: Nokre ørkenloer held seg i Søraust-Asia, frå Thailand, Malayahalvøya og Filippinane sør til Indonesia utanom hekkesesongen. Arten overvintrar òg i Mikronesia i små mengd.

Andre vinterområde: Dei fleste andre overvintringsområda er langs kysten av Indiahavet, inkludert i det indiske subkontinentet og Midtausten, og særleg i austlege og sørlege Afrika.[1][5]

Fuglar byrjar å returnere til hekkeplassane frå midten av mars, dei fleste kjem i april og mai.[5]

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på:
Department of the Environment (2017). Charadrius leschenaultii — Greater Sand Plover, Large Sand Plover i Species Profile and Threats Database, Department of the Environment, Canberra. (CC BY 3.0 AU) Henta 3. desember 2017
Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Cramp, S. & K.E.L. Simmons, eds. (1983). Handbook of the Birds of Europe, the Middle East and North Africa. The Birds of the Western Palearctic. Volume 3, Waders to Gulls. Oxford: Oxford University Press.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 Marchant, S. & P.J. Higgins, eds. (1993). Handbook of Australian, New Zealand and Antarctic Birds. Volume 2 - Raptors to Lapwings. Melbourne, Victoria: Oxford University Press.
  3. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820z
  4. BirdLife International (2017). Charadrius leschenaultii. IUCN Red List of Threatened Species. Versjon 2017.2. International Union for Conservation of Nature. Henta 3. desember 2017.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Wiersma, P., Kirwan, G.M. & Boesman, P. (2017) Greater Sand-Plover (Charadrius leschenaultii) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 3. desember 2017
  6. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 3. desember 2017. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Rogers, D.I. (1999a). What determines shorebird feeding distribution in Roebuck Bay?. In: Pepping M., T. Piersma, G. Pearson & M. Lavaleye, eds. Intertidal Sediments and Benthic Animals of Roebuck Bay, Western Australia. Page(s) 145-174. Perth, Wetsern Australia: Netherlands Institute for Sea Research, WA CALM, Curtin University for Technology.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Ørkenlo