Ørsta Skisenter er eit skisenter som ligg på Bondalseidet om lag 15 km frå Ørsta sentrum. Anlegget har ein stolheis, tre skitrekk, langrennsløyper med lys, varmestover og eit barneanlegg. På Eitrefjell ligg ein kafé 700 moh.

Skisenteret vert drive på dugnad og vart opna 28. januar 1962 som Fjellheis på Bondalseidet. Fjellheisen var den første stolheisen mellom Voss og Trondheim.

Bakgrunnsstoff endre