Opna hovudmenyen

Koordinatar: 62°12′10″N 6°07′37″E

Ørsta kyrkje
kyrkje
Orsta kyrkje.JPG
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Ørsta
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Søre Sunnmøre
Sokn Ørsta
Fellesråd Ørsta
Type langkyrkje
Arkitekt Wilhelm von Hanno og
Heinrich Ernst Schirmer
Material tre
Innvigd 4. desember 1864
Kyrkjegard ved kyrkja
Sitjeplassar 520
Wikimedia Commons: Ørsta kyrkje

Ørsta kyrkje er ei langkyrkje av tre frå 1864 som står i Ørsta i Ørsta kommuneSunnmøre.

Kyrkjestad frå før 1385Endra

Tidlegare hadde Ørsta ei stav- og krosskyrkje. Ho gjekk i alle høve attende til 1385, då ein første gong finn henne nemnd i skriftlege kjelder. Truleg var ho eldre. Den gamle kyrkja, som stod like ved den nye, vart riven då dei bygde ny kyrkje. Ein del av materialane vart brukte på ny. Like eins vart det nytta bord frå gamlekyrkja i Velle skule som vart bygd på same tid. Då han vart riven etter brann dukka det opp plankar med figurar og ornament.

 
 
Plasseringa til Ørsta kyrkje

Teikningane til den nye kyrkja er laga av Wilhelm von Hanno og Heinrich Ernst Schirmer. Byggmeister var Jakob Ørstenvig. Kyrkja vart vigsla 4. desember 1864 av prost Rasmus Rolland.

Ørsta kyrkje fekk orgel i 1870. Det var laga av orgelbyggjar Eriksen i Bergen.

Kyrkja vart freista påtend laurdag ettermiddag 29. april 2017[1]. Ein person brukte ei brennbar væske til å setje fyr på inngangsdøra og ei dørmatte. Til all lukke såg folk i nærleiken det som hende, og brannen vart sløkt nokså snøgt, berre inngangspartiet vart skadd av brannen. Vitneskildringar frå fleire personar gjorde at ein mann i 30-åra med bustadadresse i Ørsta, stutt tid etter vart pågripen av politiet.

InventarEndra

Altartavla i Ørsta kyrkje er eit altarskåp frå seinmellomalderen. Det er truleg laga i Nord-Tyskland eller Nederland. Det stod i den gamle kyrkja til ho vart riven. Altarskåpet fekk plass i nyekyrkja. Etter nokre år vart det bygd inn i ei altartavle med eit altarbilde av nattverden og ei teksttavle. På slutten av 1950-talet vart skåpet restaurert attende til opphavleg form. Altarskåpet er tredelt. På sidene av midtpartiet er det to svingbare dører.

Ei minnetavle (epitaf) frå gamlekyrkja viser Knud Wiig (Knut Nilssen Vik), kona Ragnhild og seks barn har teksten: «Gud til Ære Dette Hans Huus til zirat Er Denne ovenstaaende Epitaphium foræret af Knud Nielsen Wiig og Ragnelde Laridtz Datter med sine Børen. Herren Holde sin Beskiermelse over alt. Anno 1703 den 28 Julius.» Knut Nilssen Vik var lensmann og kyrkjeverje, eit verv kona Ragnhild overtok då han døydde. Svigersonen Ole Olson Hougsholm (1686-1748) kjøpte kyrkja av kongen omkring 1725.[2]

Nynorsk i kyrkjaEndra

Første preika på nynorsk i Ørsta kyrkje heldt Anders Hovden jula 1889. Nynorsk liturgi vart teken i bruk i 1918. I 1928 vart Nynorsk salmebok teken i bruk.

Tidlegare kyrkjeEndra

Ørsta som sokn eller kyrkjestad er nemnt første gong i 1385 som «Oerstr kirkiv sookn». Trondhjems Reformats 1589 fastsette at Volda og Ørsta skulle vere eitt prestegjeld med namn etter Volda («Woldens Gieldt»), hovudkyrkje i Volda og kyrkje i Ørsta. Volda var då eitt av fire prestegjeld på Sunnmøre. I 1900 vart Ørsta med Vartdal eige prestegjeld. Ei krosskyrkje i Ørsta er nemnd i Aslak Bolts jordebok frå kring 1430, og kan vere ein god del eldre. Denne krosskyrkja låg på nesten same tomt som dagens kyrkje. Den gamle kyrkja skal ha hatt form som ein gresk kross og var oppført i stavkonstruksjon. Denne stavkyrkja var truleg av Møre-typen (om lag som Kvernes stavkyrkje), opphavleg som krosskyrkje eller langkyrkje med krossarmane bygd på seinare. Stavkyrkja hadde truleg utvendige skråstøtter til avstiving. Kyrkja var krongods fram til kring 1725 då den vart seld for 120 riksdalar til Ole Olsen Sandshavn (og kalla Vik og Hougsholm).[3] Hans Strøm skreiv i 1766 at «Kirken bestaaer kun af Staver».[4] I notatboka frå 1756 skreiv han dessuten at den var «næt og nock den smuckeste af det slags Kircker paa Syndmør».[5]

Andre kyrkjer i ØrstaEndra

KjelderEndra

  • Ragnar Ørstavik: Ørsta kyrkje gjennom tidene. Ørsta 1990.
  1. Brann ved Ørsta kyrkje Artikkel publisert i Møre-Nytt 29.04.2017
  2. Ellingsen, Gunnar: Kyrkje og kristenliv i Ørsta annekssokn fram til 1837. Utkast til kyrkjesoge for Ørsta. Ørsta kommunes nettsider 9.september 2010.
  3. Ellingsen, Gunnar: Kyrkje og kristenliv i Ørsta annekssokn fram til 1837. Utkast til kyrkjesoge for Ørsta. Ørsta kommunes nettsider 9. september 2010.
  4. Strøm, Hans (1762-1766): Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør, beliggende i Bergens Stift i Norge. Sorøe.: Trykt hos Jonas Lindgren.
  5. Strøm, Hans (1756): Annotations Boog over de Merkværdigheder som udi SyndmørsFogderie forefindes indrettet Anno 1756. Utgitt 1997 ved Ragnar Standal, Kari Aalberg og Terje Aarset. Haramsøy: Haram kulturhistoriske lag, s.71.

BakgrunnsstoffEndra