Opna hovudmenyen
Østre Porsgrunn kyrkje

Østre Porsgrunn kyrkje, òg kalla Jesu Kirke i Østre Porsgrunn eller Østsiden kirke, var ei kyrkje i tre frå 1760 i Porsgrunn kommune i Telemark fylke som vart totalskada av brann natta til 11. april 2011. Kyrkja hadde vorte restaurert i 1997, 1960 – 1966 og i 1888.

Kyrkja var ei krosskyrkje (det vil seie med ein grunnplan forma som ein kross), teikna av arkitektane Lauritz de Thurah og Andreas Pfützner og bygd i lafta tømmer. Stilen var rokokko/seinbarokk. Kyrkja hadde vindauge i to høgder. Tårnet hadde ein tårnhjelm med særeigen form, og var utstyrt med eit fem meter høgt spir med eit smijarnsornament i toppen.

Koret i kyrkja var like breitt som hovudskipet. Preikestolen i rokokko-stil, med ein rik treskurd dekt med bladgull, og med rocailleinnrammingar kring spegelfelta, var plassert i eit hjørne som vart danna av to av kyrkjeskipsarmane. Himlinga i kyrkja hadde tønneform og vart pynta med målingar av skyer og englar. I vest var det ein orgelfasade laga av Daniel Wroblewsky på slutten av 1700-talet, men sjølve orgelet var skifta ut ikring 1850. I dei tre armane av kyrkjeskipet var det samanhengande galleri, og med sine 600 plassar var dette ei av dei største trekyrkjene i Noreg.

Då det ikkje er mange kyrkjer att her i landet frå denne perioden, var det eit stort nasjonalt tap at denne kyrkja brann ned til grunnen.

BakgrunnsstoffEndra