Øveraasens motorfabrikk & mek. verksted

Øveraasens Motorfabrikk & Mek. Verksted produserer utstyr for snørydding.

Soge endre

Føretaket vart starta av brørne Even (1877–1948) og Hans Johannes (1883–1939) Øveraasen, frå garden Øveråsen i Vardal, vest for Gjøvik [1]. I 1901 utvandra dei til Wisconsin i Dei amerikanske sambandsstatane[1]. Der arbeidde dei hjå fleire motorprodusentar og samla erfaring på dette området. I 1907 returnerte de til Noreg og i 1908 starta motorproduksjon på Gjøvik. I 1911 bygde dei ny fabrikk, med eige jarnstøyperi.

Føretaket produserte både råoljemotorar og forgassarmotorar og både stasjonærmotorar og båtmotorar vart laga. Motorane, som hadde fordampingsavkjøling, vart selde under merkenamnet «Trygg». Føretaket utvikla òg Simplex-forgassaren. Motorproduksjonen heldt fram til 1958.

Føretaket utvikla òg sagbruksmaskinar og skorpebrytarar [1], men snøplogar og snøfresarar vart etter kvart hovudproduktet.

Dumparar endre

I 1970 utvikla Øveraasen, i samarbeid med Statens vegvesen, ein rammestyrt dumpar. Vegvesenet var interessert i at det vart større konkurranse og støtta Øveraasen [2]. Øveraasen-dumparen var ein direkte konkurrent til BM Volvo DR860, men hadde kraftigare motor. Den svenske ingeniøren Nils-Erik Pålson, som tidlegare hadde vore tilsett både hjå BM Volvo og hjå Nordverk, fekk ansvaret for konstruksjonen av dumparen [2]. Maskina, som vart kalla D15, hadde ein totalmasse på 20 tonn og ei nyttelast på 13.5 tonn. Motoren var ein Scania DS 8, med ei effekt på 150 kW (200 hk) og kraftoverføringa hadde momentomformar og ein firetrinns girkasse[2].

Vegvesnet tok til med prøvekøyringa tidleg i 1972. Det vart så bygd enda sju prototypar, som Vegvesnet testa ut i perioden 1972 til 1974. Basert på desse testane vart det innført ymse forbetringar. Etter å ha produsert tolv maskinar vart prisen på kunkurenten BM Volvo DR860 kraftig redusert, delvis på grunn av valutaendringar[2]. Øveraasen kom da til at dei ikkje ville satsa på serieproduksjon og selde rettigheitane til D15 til Moxy i Elnesvågen, som Birger Hatlebakk hadde starta. Moxy sette D15 i produksjon og narknadsførte han som Viking D15. I ein overgangsperiode vart rammene til D15 produserte av Øveraasen, men etter ei tid tok Moxy over heile produksjonen. Det er dette produktet som ligg til grunn for dumparproduksjonen i Elnesvågen.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Bækkedal, O., Trygg Øveråsen, Stålstuten, nr 4, 2009.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Paulsrud, G. og Hole, B. (red), Årbok for Norsk vegmuseum 2011, Statens vegvesen, 2012.