Øy-Blikk er ei lokalavis som vert utgjeven i Giske kommuneSunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Det er ei vekeavis som kjem ut kvar torsdag, og som dekkjer dei fire øyene Valderøya, Vigra, Giske og Godøya. Avisa vert redigert på nynorsk.

Øy-Blikk vart etablert av Odd Egil Valderhaug i oktober 1985.

Øy-Blikk kjem ut kvar torsdag. Det er Orkla Trykk i Molde som trykkjer avisa.

Avisa har fire fast tilsette som utgjer 3,6 årsverk.

Opplagstal endre

Utvikling i nettoopplag.[1]

År Nettoopplag

2004 1 760
2005 1 801
2006 1 805
2007 1 864

2009 1 839
2010 1 838
2014 1 548

Kjelder endre

  1. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.