Saba er ei nederlandsk vulkansk øy i Karibia.

Saba
   
Det sabanske flagget
Det sabanske flagget
Det sabanske våpenet
Det sabanske våpenet
Det sabanske flagget Det sabanske våpenet
Saba og naboøyane.
Saba og naboøyane.
Status nederlandsk oversjøisk territorium
Guvernør Jonathan Johnson
Hovudstad The Bottom
Offisielt språk Nederlandsk, engelsk
Areal

- % vatn

13 km²

0

Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 1824 (2010)
ca. 140/km²

Verdsdel Nord-Amerika
Internet-domene .an, .nl
Tidssone UTC -4
Internasjonal telefonkode +599
Nasjonalsong Saba you rise from the ocean

Geografi endre

Øya var tidlegare ein del av eininga dei nederlandske antillane, som vart oppløyst i 2010. Saba er ei lita øy på berre 13 km². Ho er med det den minste eininga som er direkte underlagt Nederland. Det høgaste punktet på øya er vulkanen Mount Scenery, 877 moh. Mount Scenery er det høgaste punktet ikkje berre på Saba, men i heile kongeriket Nederlanda.

Historie endre

Arkeologane har funne restar etter urfolk på Saba, men då britiske skipbrotne redda seg i land på øya i 1623, var ho ubusett. Historisk har Saba vore ei omstridt øy mellom Storbritannia, Frankrike og Nederland, men har tilhøyrt Nederland samanhengjande sidan 1816. Av di Storbritannia gjerne sendte «uynskte» personar til dei karibiske øyane, var Saba ei tid kjend for å husa mange piratar.

Samfunn endre

Innbyggjarane på Saba i dag har eit svært blanda opphav, med både skotske, nederlandske, irske og afrikanske forfedrar. Dei fleste øybuarane er romersk-katolske. Sabanarane er tospråklege med nederlandsk og engelsk. Øya er vel utbygd med både skular, veg, administrasjonshus, ein liten flyplass og ferje.

Kjelder endre