Vis (gresk Issa, italiensk Lissa) er ei øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia, og den øya som ligg lengst borte frå kysten av dei busette kroatiske øyane. Ho har eit areal på 90,26 km²,[1] og eit folketal på 3 617 (2001).[2] Den høgaste toppen på Vis vert kalla Hum og er 587 meter høg.[1]

Vis
Landsbyen Komiza på Vis
Landsbyen Komiza på Vis
Geografi
Stad Adriahavet
Koordinatar 43°03′N 16°09′E

Areal 90,26 km²

Høgaste punkt Hum (587 moh.)

Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Split-Dalmatia

Demografi
Folketal 3 617 (2001)

Satellittbilete av Vis (stor) og Biševo (liten)

Det er to landsbyar og kommunar på øya, Vis (1 960 innbyggjarar i kommunen[3]) og Komiža (1 677[4]). Begge landsbyane ligg ved sjøen. I indre område av øya ligg det mindre busetnadar som Podselje, Marinje zemlje, Podšpilje, Podstražje.[5]

Historie endre

Vis har vore busett sidan yngre steinalder. På 300-talet fvt. grunnla tyrannen frå Siracusa, Dionisius den eldre, kolonien Issa på øya. Seinare vart ho ein sjølvstendig bystat, som til og med hadde sin eigen valuta og grunnla koloniar andre stader.

I det første hundreåret fvt. var det den illyriske stamma Liburni som heldt til på øya. I 925 vart øya ein del av den mellomalderske staten Kroatia under kongen Tomislav. Vis er nemnd i De Administrando Imperio av den austromerske keisaren Konstantin VII Porphyrogennetos frå rundt 950 som «Ies», ei øy som høyrde til Pagania. Brørne til Stefan Nemanja, Miroslav og Stracimir, hadde sjørøvarferder til Vis i 1184 og 1185.

I mellomalderen skifta øya eigarar mange gonger, og var lenge under Republikken Venezia. Under denne tida vart øya kalla «Lissa». Under den andre verdskrigen var Vis ein av dei mest brukte gøymestadane til Josip Broz Tito, leiaren for den jugoslavisk motstandsrørsla. Etter krigen brukte Jugoslavia øya som ei av sine største marinebasar.

Økonomi endre

Hovudnæringar på øya er jordbruk (hovudsakleg vindyrking), fiske, fiskeforedling og turisme.[1]

Rundt 20 % av øya er dyrka mark dekt av vingardar. Av vinar frå øya har ein Plavac Mali, Kurteloška og Bugava.[6]

Sjøen rundt Vis er rikt på fisk, særleg sardin, makrell og ansjos. Fiskarar frå Komiža utvikla på 1600-talet sin eigen type fiskebåt, Falkuša, som vart brukt til langt opp på 1900-talet på grunn av sine gode eigenskapar.[6]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 peljar.cvs.hr
  2. Statistisk årbok for Kroatia 2006
  3. Artikkel om Vis og Komiža
  4. Offisiell side for Komiza, arkivert frå originalen 15. september 2008, henta 14. mars 2007 
  5. tz-vis.hr, arkivert frå originalen 29. september 2008, henta 14. mars 2007 
  6. 6,0 6,1 Økonomi på Vis, arkivert frå originalen 7. juni 2007, henta 14. mars 2007 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Øya Vis