Ei øygruppe er ei kjede eller klyngje av øyar som ligg relativt nær kvarandre.[1] Arkipel er ei anna nemning for ei samling av einsarta øyar. Det kan også visa til eit øyrikt hav, og var opphavleg ei nemning for Egearhavet.[2]

Færøyane er eit døme på ei øygruppe.

Øygrupper finst vanlegvis i ope hav; det er mindre vanleg at dei ligg tett ved eit kontinent. Øygrupper har ofte vulkansk opphav, og kan vera danna langs midthavsryggar eller geologiske hotspots. Fleire andre prosessar kan også vera involvert når ei øygruppe blir til, til dømes erosjon og sedimentering.

Kjende øygrupper endre

Land som er danna av ei eller fleire øyar blir kalla øyrike.[3] Dei fire største moderne statane som ligg på øygrupper er Japan, Filippinane, New Zealand og Indonesia. Andre kjende øygrupper er Færøyane, Svalbard, Shetlandsøyane, Hebridane, Orknøyane, Hawaii og Kanariøyane.

Kjelder endre

  1. «øygruppe» i Bokmålsordboka.
  2. «arkipel». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018. 
  3. «øyrike» i Nynorskordboka.
  • Artikkelen baserer seg på Arkipelag frå Wikipedia bokmål, 7. august 2010.
  Denne geologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.