Opna hovudmenyen
Eit øyre med stader der ein kan ha øyredobbar avmerkt.

Øyredobb eller øyredobbe er ein type smykke som ein set fast i øyret gjennom ein piercing. «Dobb(e)» (av norrønt doppa, frå lågtysk doppe, 'rundt skal, knopp, knapp') tyder ein rundvoren, hengande pynteting.[1] Ein ringforma øyredobb blir gjerne kalla øyrering.[2]

Ein bruker ofte smykka parvis med like øyredobbar i kvart øyre, men dei kan også brukast asymmetrisk. Ein øyredobb kan vera liten og berre sitja på øyra, eller større og då gjerne hengande. Ulike delar av øyredobbar kan vera laga av mange ulike materiale, som metall, plast, glas, tre, bein, perler og smykkesteinar.

Den vanlegaste staden å bera ein øyredobb er i øyreflippen, men mange delar av øyret kan brukast. Piercingar gjennom brusk i andre delar av øyret enn øyreflippen er meir komplekse, og har større risiko for infeksjon og komplikasjonar.[3]

HistorieEndra

 
Øyredobbar frå det gamle Egypt i gull, elfenbein og perler, frå 300-talet f.Kr. til første hundreåret e.Kr.

Øyrepiercing er ei av dei eldste formene ein kjenner for kroppsmodifikasjon, og det finst referansar til bruk av øyredobbar sidan oldtida. Mumien til farao Tutankhamon av Egypt hadde til dømes hol i øyrene, og det blei funne øyredobbar i gravkammeret hans.[4] I Den minoiske sivilisasjonen (2000–1600 f.Kr.) brukte ein øyreringar i gull, sølv og bronse, og døme på bruk er avbilda på freskerSantorini. Seint i den minoiske og tidleg i den mykenske kulturen var øyreringar med koniske hengeornament utbreidde.[5]

GalleriEndra

Sjå ogEndra

KjelderEndra

  1. «dobbe» i Nynorskordboka.
  2. «øyrering» i Nynorskordboka.
  3. Davis, Jeanie. «Piercing? Stick to Earlobe». WebMD. WebMD. Henta 23. august 2014. 
  4. The Tomb of Tut-Ankh-Amen: Discovered by the Late Earl of Carnarvon and Howard Carter, Volume 3, s. 74–75
  5. Pitts-Taylor, Victoria (2008). Cultural Encyclopedia of the Body [2 volumes]. [ ]: ABC-CLIO. s. 94–95. ISBN 9781567206913. The Fayum mummy portraits from Hawara dating from the first to the third centuries CE depict several females with various styles of earrings. In most cases, the portraits are thought to represent Greek colonists living in Egypt. Some early Greeks wore earrings for the purposes of fashion as well as protection against evil. The popularity of earrings is evident in major cultures of the ancient world. In the middle Minoan period (2000–1600 BCE), gold, silver, and bronze hoop earrings with tapered ends were popular. In the late Minoan and early Mycenaean periods, the hoop evolved with a conical pendant. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Øyredobb
  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.