Øystein Langedrag

Øystein Langedrag (23. februar 178512. april 1848) var ein norsk spelemann frå Seljord i Telemark. Han var den førande spelemannen i Telemark i si tid, attmed Knut Lurås frå Tinn.[1] Han var og lærar for Myllarguten.

Øystein Langedrag
Fødd23. februar 1785
Død12. april 1848 (63 år)
OpphavNoreg
Verka sommusikar

Langedragen fekk mykje av spelet sitt beinveges frå Jon Kjos, men kom til å føre nye tonar inn i Telemarksspelet. Han «låg ute», som det heiter, under Napoleonskrigane åra 1807 til 1814, og kom attende med nye impulsar. Han råka på spelemenn frå andre dalføre, og kom til å høyre marsjorkester, noko som påverka tonekjensla. Spelet til Øystein vart meir klassisk durprega av dette. Samstundes er det rekna at det var Øystein som førte bruremarsjen inn i hardingfeletradisjonen i Telemark.

Øystein Langedrag lærte opp Myllarguten, men og sonen Leiv Sandsdalen. Frå Sandsdalen gjekk spelet etter Øystein vidare til mellom andre Torkjell Haugerud. Mykje av spel-tilfanget i Vinje er langedrag-spel. Gangarane Langedragen 1, 2 og 3 har namn etter han. Han var au opphavsperson til slåttane om Kivlemøyane.

Kjelder endre

  1. «Spelemenner av Richard Berge», www.folkedans.com, henta 18. november 2023