Øystein Mathisen
norsk Ap-politikar
Øystein Mathisen (fødd 17. mars 1991) er ein norsk journalist og politikar frå Kjerringøy i Bodø. Frå 2021 representerer han Arbeidarpartiet og Nordland fylke på Stortinget.
Øystein Mathisen | |||
Fødd | 17. mars 1991 (33 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Mathisen er utdanna i journalistikk ved Nord universitet i Bodø. I tida 2011–19 var han kommunestyremedlem i Bodø. Frå 2019 til -21 arbeidde han for Arbeidarpartiet på Stortinget. Ved stortingsvalet 2021 vart han, som nummer 3 på vallista til Nordland Arbeidarperti, vald inn på Tinget. På Stortinget fekk han plass i Utdannings- og forskningskomiteen.