Øystein Pettersen

Øystein Pettersen (fødd 19. januar 1983) er ein norsk langrennsløpar frå Oslo som har spesialisert seg mot sprintdistansane. Han vann OL-gull på sprintstafetten saman med Petter Northug under vinter-OL 2010 i Vancouver.

Øystein Pettersen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. januar 1983 (41 år)
Bærum kommune
Idrett langrenn
Tok del i

Langrenn under Vinter-OL 2010 – Lagsprint menn, Ski-VM 2011

Øystein Pettersen i 2007

Karriere endre

Pettersen fekk sitt gjennombrot då han hausten 2006 i Düsseldorf vart nummer to både på sprinten og sprintstafetten under opningsrenna i verdscupen i langrenn. Dei komande sesongane fekk han ein tredjeplass i Rybinsk i 2007, ein andreplass i Kuusamo i november 2008 og ein tredjeplass i Düsseldorf i desember 2009, alle saman sprinttevlingar.

Pettersen deltok for Noreg i begge sprinttevlingane under vinter-OL 2010 i Vancouver. Han kom på sjetteplass i den individuelle øvinga, der han var tredje beste nordmann. Petter Northug og Ola Vigen Hattestad skulle gå sprintstafetten for Noreg, men då Hattestad kjende seg småsjuk, overlet han sin plass til Pettersen. Pettersen og Northug sigra i stafetten, vel eitt sekund føre Tyskland og Russland som tok dei andre medaljane i tevlinga.

I november 2011 kom Pettersen for andre gong på pallen i eit sprintrenn i Kuusamo, ein tredjeplass. Pettersen har sjeldan hevda seg i eigentleg langrenn, men på tampen av 2013-sesongen delte han bronsemedaljen med Hans Christer Holund på NM-femmila i Løten.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar