Alta folkehøgskole

(Omdirigert frå Øytun folkehøgskole)

69°56′0″N 23°13′50″E / 69.93333°N 23.23056°E / 69.93333; 23.23056

Alta folkehøgskole
Utsyn frå Skoddevarre mot Alta og Alta folkehøgskole.
MottoSe mot nord!
SkuletypeFolkehøgskole
Org.nummer973257277
Grunnlagd1917
Region/fylkeFinnmark
KommuneAlta
StadAlta
AdresseAlta folkehøgskole
N-9518 Alta
EigarNormisjon, Norges Samemisjon, Indremisjonsforbundet.
RektorHenning Iversen
LivssynProtestantisme
Nettstadhttps://altafolkehogskole.no
Kart
Alta folkehøgskole
69°56′00″N 23°13′50″E / 69.933333°N 23.230556°E / 69.933333; 23.230556

Alta folkehøgskole, tidlegare Øytun folkehøgskole, er ein kristen folkehøgskole som ligg i Alta kommune i Finnmark. Skolen ligg 6 km sør for Alta sentrum og 12 km frå Alta lufthamn. Skolen fokuserer spesielt på friluftslivfag og tar imot rundt 110 elevar i året.

Elevar ved skolen vel seg eit friluftslivs-linjefag og fire valfag fordelt på periodane haust, mørketid og vår/vinter. Alle elevane får felles turar og dagar med ulike tema og seminar. Felles skoleturar går til Kolahalvøya i Russland og og Levi i Finland. I tillegg blir det mellom anna arrangert «bli-kjent-tur» til Orroshytta, skolehytta på Finnmarksvidda, førstehjelpskurs, felleskapsseminar, soldagstur, samisk seminar og avslutningstur til Jøkelfjorden. Skolen har gymsal, trimrom, skytesimulator, bandrom, buldrerom, skimakarverkstad og sykkelverkstad.

Skolen blei skipa i 1917 i Havøysund i Måsøy kommune under namnet Øytun. I 1967 flytte skolen til Alta, men namnet Øytun blei ført vidare. Skolen ligg i furuskog ved foten av fjellet Skoddevarre og har gangavstand til Altaelva. Skolebygningen og 8 internat er oppført rundt eit tun. Skolen er eigd av Normisjon, Norges Samemisjon og Indremisjonsforbundet. I desember 2016 skifte skolen namn til Alta folkehøgskole – folkehøgskolen for Arktisk Villmarksliv.[1] Tunet på skolen er framleis kalla Øytun.

Linjefag ved skolen i 2019:

endre
  • Arktis – Svalbard
  • Friluftsliv 70° Nord
  • Friluftsliv Ingen Grenser
  • Hundekjøring – Finnmarksløpet
  • Jakt og fiske
  • Foto villmark – Island/USA
  • Off Piste – ski og sykkel

Skolen tilbyr også halvårskursa Ski og skred og Circum Polar, i tillegg til andre kortkurs.

Kjelder

endre
  1. «Skifter ut Øytun-navnet». 15. desember 2016. Henta 12. mars 2019. 

Bakgrunnsstoff

endre