Øyvind

mannsnamn

Øjvind het han, og gråt da han blev født.

Opningslina i En glad gut av Bjørnstjerne Bjørnson (1860)

Øyvind eller Øivind er eit mannsnamn av urnordisk opphav. Nokre har same uttalen av namnet og brukar skrivemåten Eyvind. Ein annan variant av namnet er Eivind.

Ordsoge

endre

Namnet kjem av det norrøne namnet Eyvindr, med usikker tyding. Nokre forslag er at ey kjem frå auja («gåve») og wandia: («vendt mot», - for å få eller gje) - eller øy («gåvmild» eller «lykke, hell») og vindr («krigar»). Altså «den gåvmilde» eller «den som får gåver» eller «heldig krigar». Andre forslag er at ey tyder «øy», «ein som bur på ei øy», og vindr tyder «stridsmann» eller «sigerherre», altså «ein heldig krigar som bur på ei øy». Eller at eit norrønt ei som tyder «alltid» og vind som då tyder «vind, pust, pågangsmot», gjev omsetjinga: «ein som alltid har pust igjen til ny dyst».

 
Runesteinen Sö118 med innskrifta «uitr : lit : raise : merki : at : biorn : in : kuþ : hialbi : ant» («Øyndr let reisa minnesmerket etter Bjørn, og Gud hjelpe anden.»)

Øyvindr og Øyndr er kjent brukt i 29 runeinnskrifter frå norrøn tid, så namnet var truleg utbreidd i Norden då. Namnet blei som oftast skrive ᚢᛁᛏᚱ (uitr).[1] Eivindr er kjent brukt i Noreg frå 1200-talet. Even er kjent brukt i Noreg frå 1400-talet.

«Eivind» var eit vanleg namn i Noreg i høgmellomalderen. Over 110 ulike personar med namnet er nemnde i Regesta Norvegica. «Øyvind» var også vanleg i Noreg i høgmellomalderen, med over 60 ulike personar med namnet nemnde i Regesta Norvegica.[2] I nyare tid nådde popularitet til namnet «Øyvind» ein topp i Noreg tidleg på 1980-talet, med opptil 400 nye namneberarar i 1982. Då hadde populariteten vore stigande siden byrjinga av 1900-talet.

Kjende namneberarar

endre

Kjelder

endre
  1. «Nordiskt runnamnslexikon». Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 19. mars 2015. 
  2. Regesta Norvegica