Øyvind Dybvad (fødd 3. februar 1908 i Stjørdal i Nord-Trøndelag, død 12. desember 1989) var ein norsk teikneserieskapar.

Øyvind Dybvad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. februar 1908
Stjørdal kommune
Død

12. desember 1989 (81 år)
Asker

Yrke teikneserieskapar, skribent

Etter folkehøgskule, underoffisersskule og handelsskule vart han knytt til Norsk Barneblad, før han vart fast tilsett i 1941. Alt i 1939 hadde han teke til å arbeide med teikneserien Smørbukk. Han gjorde Smørbukk litt eldre, og samstundes vart forteljingane meir morosame.[1] Dette vart forsterka av Jens R. Nilssen sine fantasifulle teikningar.

Dybvad fekk i 1944 i gang teikneserien Tuss og Troll. Også her var det Jens R. Nilssen som teikna. Han var medredaktør i Norsk Barneblad frå 1949 saman med Andreas Haavoll, men dei to vart i 1954 usamde om opphavsretten til teikneseriane, og Dybvad gjekk over til Noregs Boklag. Her starta han saman med Jens R. Nilssen teikneserien Peik. Øyvind Dybvad var attende som tekstforfattar i Smørbukk i åra 1980–1983.

Utmerkingar endre

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Isachsen 2004, s. 77.