Sjtip

(Omdirigert frå Štip)

Sjtip (makedonsk Штип) er ein by og ein kommune i regionen Aust i Nord-Makedonia, den største byen i den austlege delen av Nord-Makedonia.

Sjtip
Штип
Tradisjonell makedonsk arkitektur i Sjtip
Tradisjonell makedonsk arkitektur i Sjtip
Tradisjonell makedonsk arkitektur i Sjtip
Byvåpenet til Sjtip
Byvåpenet til Sjtip
Styresmakter
Land
Statistisk region
Nord-Makedonia
Aust
Geografi
Flatevidd 13,5 km²
Flatevidd
 - By

583,24 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2021)
   - folketettleik

44 866
  76,93/km²
Koordinatar 41°44′15″N 22°11′37″E / 41.73750°N 22.19361°E / 41.73750; 22.19361
Høgd over havet 240 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 2000
Telefon-retningsnummer +389 32
Bilnummer ŠT
Heimeside: stip.gov.mk
Plassering
Plasseringa til Sjtip i Nord-Makedonia
Plasseringa til Sjtip i Nord-Makedonia
Plasseringa til Sjtip i Nord-Makedonia

Kommunen har eit areal på 583,24 km2 og hadde 44 866 innbyggjarar ved folketeljinga i 2021.[1]

I 2002 hadde kommunen 47 796 innbyggjarar,[2] medan sjølve byen hadde 43 652 innbyggjarar.[3] Om lag 90 % av innbyggjarane er makedonarar.

Sjtip ligg der dalane Lakavitsa, Ovtsje Pole og Kotsjani møter kvarandre. Byen har eksistert i minst 2000 år. Dei to elvane Bregalnitsa og Otinja renn gjennom sentrum av byen. Åsen Issar med ei festning frå tidleg mellomalder på toppen ligg ruvar over byen, som ofte vert kalla «Byen under Issar».

Dei omliggande områda har lide på grunn av avskoging og dette har ført til lokale klimatiske endringar. Temperaturane om sommaren har vorte høgare (40 °C er ikkje uvanleg) og vintrane har vorte kaldare.

Sjtip er eit kulturelt og økonomisk senter i austlege delar av Nord-Makedonia og er den største tekstilprodusenten i landet. I tillegg har han eit universitet, Gotse Deltsjev universitet i Sjtip.

Busetnader i kommunen endre

Dei største busetnadene i kommunen var:

Busetnad Folketal 2002[3]
Sjtip 43 652
Tri Tsjesjmi 1 065
Tsjardaklija 922
Star Karaorman 911
Seltse i Sjtip[Seltse 169

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

Referansar endre