(Your Love Keeps Lifting Me) Higher and Higher

(Your Love Keeps Lifting Me) Higher and Higher
Singel av Jackie Wilson
frå albumet Higher and Higher
B-side

«I'm the One to Do It»

Språk engelsk
Utgjeve August 1967
Innspelt 6. juli 1967, Columbia Studios, Chicago, Illinois
Sjanger Chicago soul
Lengd 2:59
Selskap Brunswick Records 55336
Komponist Raynard Miner, Gary Jackson, Carl Smith
Tekstforfattar Raynard Miner, Gary Jackson, Carl Smith
Låtskrivar(ar) Gary Jackson og Carl Smith[1]
Produsent Carl Davis
Jackie Wilson-kronologi 
«I've Lost You»
(1967)
(Your Love Keeps Lifting Me) Higher and Higher «Since You Showed Me How to Be Happy»
(1967)


«(Your Love Keeps Lifting Me) Higher and Higher» er ein R&B-song, opphavleg framført av Jackie Wilson i 1967.

Oversyn endre

Songen vart opphavleg nytta som eit akkompagnement for Wilson, som han kunne nytte seinare. Han vart opphavleg spelt inn 6. juli 1967, i Columbia sine studio i Chicago. Songen var produsert av Carl Davis, arrangert av Sonny Sanders, med bassist James Jamerson, trommeslagar Richard «Pistol» Allen, gitarist Robert White og klaverspelar Johnny Griffith. Desse fire musikarane var alle medlemmar av husbandet til Motown Records, The Funk Brothers, som ofte spelte på innspelingane til Davis for å spe på den dårlege løna dei fekk hos Motown. I følgje Carl Davis brukte the Funk Brothers «å kome over i helgane frå Detroit. Dei lasta alt i ein van og kom til Chicago, og eg betalte dei det dobbelte i kontantar.»

Davis tok med seg sporet til New York City slik at Wilson kunne legge på vokal. Davis hugsa at Wilson opphavleg song songen «som ein soulballade. Eg sa at det er blir heilt feil. Du må hoppe og gå i lag med perkusjonen...om han ikkje ønskte å synge han på den måte, skulle eg synge han sjølv og selje millionar av plater».

Etter å ha høyrt på rådet til Davis song Wilson inn vokalen for «...Higher and Higher» i eit enkelt opptak.[2]

Utgjeving endre

Songen vart gjeven ut i august 1967 og nådde toppen av Billboard R&B-lista i USA og sjetteplassen på Billboard Hot 100.[3] På den britiske UK Singles Chart nådde singelen 11. plassen i 1969 og 25. plassen i 1975.,[4] ogo 15. plassen i 1987.

Columbia Records then released an album titled Higher and Higher in November 1967. Its chart peak was nr. 163 (Billboard 200) and nr. 28 (Billboard R&B Album chart.)[5]

Songen vart rangert på 246. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene og vart innlemma i Grammy Hall of Fame i 1999.

Ein annan versjon endre

I 1970 vart songen spelt inn under tittelen «Higher and Higher» av Canada Goose, ei gruppe frå Ottawa som hadde blitt oppdaga av Jerry Ragovoy. Denne versjonen, sungen av Barbra Bullard og John Matthews, vart ein hit i Canada (44. plassen) og nådde 92. plassen på Record World 100 Pop Chart.[6][7]

Songen vart spelt inn av Bette Midler på albumet hennar Bette Midler i 1973. Han vart òg spelt inn av The Dells i 1968 på albumet There Is[8] oog vart spelt inn av gruppa i 967 og kan ha vore den første innspelinga av songen. Han hadde ein litt anna tekst enn den meir kjende Jackie Wilson-versjonen, men vart ikkje gjeven ut som singel.[9]

I 2008 gjekk songen inn på salslista i Sverige med ein versjon av Kevin Borg, som vann Idol i Sverige.[10]

Rita Coolidge-versjonen endre

(Your Love Has Lifted Me) Higher and Higher
Singel av Rita Coolidge
frå albumet Anytime...Anywhere
B-side

«I Don't Want to Talk About It», seinare erstatta av «Who's To Bless And Who's To Blame»

Språk engelsk
Utgjeve Mars 1977
Sjanger Glamrock
Lengd 3:30
Selskap A&M Records
Komponist Raynard Miner, Gary Jackson, Carl Smith
Tekstforfattar Raynard Miner, Gary Jackson, Carl Smith
Låtskrivar(ar) Billy Davis, Gary Jackson, Raynard Miner and Carl Smith
Produsent David Anderle
Rita Coolidge-kronologi 
«Mean to Me»
(1975)
(Your Love Has Lifted Me) Higher and Higher «We're All Alone»
(1977)


I 1977 spelte Rita Coolidge inn songen som «(Your Love Has Lifted Me) Higher and Higher» for albumet hennar Anytime...Anywhere. Versjonen hennar har eit avslappa tempo enn den drivande originalversjonen og fjernar i stor grad refrenget. Coolidge og systera Priscilla Jones hadde sunge korvokal på ein versjon av songen for eit album av ektemannen til Jones, Booker T. Jones, men albumet vat skrinlagd, og Coolidge spurte han om ho kunne spele inn songen med det same arrangementet.[11]

Songen vart gjeven ut som singel og vart den første store hitten til Coolidge på ni år då han nådde andreplassen på Billboard Hot 100. Cash Box rangerte songen på førsteplassen.[12][13] Både denne songen og den neste utgjevinga, «We're All Alone», selde til gullplate.

I Storbritannia nådde singelen berre 48. plassen.[14]

Kjelder endre

  1. «Record details at 45.cat». www.45.cat.com. Arkivert frå originalen den 2. februar 2014. Henta 29. januar 2014. 
  2. «Jackie Wilson on Columbia Records». Arkivert frå originalen 11. mai 2013. Henta 17. oktober 2015. 
  3. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singlar: 1942–2004. Record Research. s. 630. 
  4. «ChartArchive – Singlar Chart – 14/06/1969». Arkivert frå originalen 10. oktober 2012. Henta 9. november 2015. 
  5. «Higher & Higher: The Chicago Soul of Jackie Wilson 1966–1976 – Rate Your Music». Henta 20. oktober 2014. 
  6. Canoe.ca. «Canadian Pop Encyclopedia-Canada Goose». Arkivert frå originalen den 9. mai 2009. Henta 6. mai 2009. 
  7. «100c». Arkivert frå originalen 20. august 2009. Henta 17. oktober 2015. 
  8. Google
  9. [Your Love Has Lifted Me] Higher And Higher - YouTube
  10. «Sweden Singlar Top 60 (4. desember 2008) – Music Charts». Arkivert frå originalen 29. juni 2015. Henta 9. november 2015. 
  11. «Country Music People 10/06». Arkivert frå originalen 22. februar 2007. Henta 9. november 2015. 
  12. «Cash Box Top 100 9/10/77». 
  13. Cash Box Magazine (10. september 1977). «Cash Box Top 100 9/10/77». Web.archive.org. Arkivert frå originalen 14. august 2012. Henta 17. oktober 2015. 
  14. «ChartArchive – Singlar Chart – 29/10/1977». Arkivert frå originalen 10. oktober 2012. Henta 9. november 2015.