700-talet fvt.

hundreår
(Omdirigert frå -745)

< 700-talet f.Kr./fvt. > var eit hundreår med store endringar i fleire historisk viktige sivilisasjonar. I det gamle Egypt gjekk dei 23. og 24. dynastiar over til styre frå Nubia i det 25. dynastiet. Det nyassyriske riket nådde toppen av makta si, og erobra Kongedømet Israel og naboland.

700-talet f.Kr. er tradisjonelt rekna som byrjinga på den klassiske antikken. Dette hundreåret koloniserte Hellas andre delar av Middelhavet og Svartehavet. Den første olympiaden vart ifølgje nokre kjelder halden i år 776 f.Kr., og Homer sine episke verk er vorte tidfesta til mellom 750 og 650 f.Kr. Den etruskiske sivilisasjonen spreidde seg i Italia, og etter segna var Roma grunnlagd i år 753 f.Kr.

India under jernalderen gjekk inn i sein vedisk tid. Vediske ritual blei nedskrivne i fleire presteskular i Brahmana-kommentarar, og dei tidlegare upanisjadane markerer byrjinga på vedantafilosofi.

Hendingar

endre

Kjelder

endre
<   700-talet fvt.  >