Terroråtaka 11. september 2001

(Omdirigert frå 11. september-åtaka)

Terroråtaka 11. september 2001 var ei rad sjølvmordsåtak mot mål på austkysten av USA som al-Qaida tok på seg skulda for. Fire passasjerfly vart kapra av sjølvmordsaksjonistar, der to av flya vart styrta mot kvart sitt tårn i Verdshandelssenteret i New York og eitt mot The Pentagon. Det fjerde flyet styrta på eit jorde i Pennsylvania etter at passasjerane gjorde oppreist mot kaprarane.

Terroråtaka 11. september 2001
September 11 Photo Montage.jpg
Ein fotomontasje med åtte bilete som syner, frå øvst til nedst, tvillingtårna i brånn, den delen av Pentagon som rasa saman, eksplosjonen då sørtårnet blir råka, ein redningsarbeidar som står i ruinane av dei samanraste tårna, ei gravemaskin som grev fram ein knust jetmotor, og tre stillbilete som syner augneblinken då American Airlines Flight 77 råka Pentagon.
Dato 11. september 2001
Tid 08:46–10:28 (UTC -4)
Mål Verdshandelssenteret i New York, Pentagon, Washington, D.C.
Våpen Passasjerfly
Døde 2 997
Skadde Meir enn 6 000

Dei to tårna i New York vart so skadde av åtaka at dei rasa saman innan ein time og 42 minutt. Både treffet til det andre flyet og samanrasinga av tårna vart dekte av sanntidsend fjernsyn. Åtaka drap 2753 menneske i verdshandelssenteret, 184 ved Pentagon og 40 i flystyrten. Åtaka førte dessutan til invasjonen av Afghanistan. 11. september 2001 er ofte rekna som det fyrste viktige tidsskiljet i det 21. hundreåret.

PlanleggingEndra

BakgrunnEndra

 
Osama Bin Laden saman med Ayman al-Zawahiri i 2001.

Terroråtaka 11. september 2001 vart i stor grad initiert av Osama bin Laden, leiaren i den militante, islamistiske organisasjonen al-Qaida. I åra før åtaka skal Bin Laden ha blitt stadig meir overtydd om at USA var ein papirtiger. Ifølgje egyptaren Abu Walid al-Masri, ein sambandsfelage av Bin Laden på 1980- og 1990-talet, trudde Bin Laden at USA var mykje veikare enn det folk i krinsen rundt han gjekk ut frå. Som prov peikte Bin Laden på åtaket på den multinasjonale styrken (MNF) i Beirut i 1983, kvar 241 amerikanske soldatar vart drepne, og som vart etterfølgd av ei amerikansk tilbakedraging frå Libanon fire månader seinare. Bin Laden fann også støtte for dette synet i tilbakedraginga av amerikanske styrkar frå Mogadishu i 1993 og den amerikanske evakueringa frå Vietnam på 1970-talet.[1]

Bin Laden og Sheikh MohammedEndra

Khalid Sheikh Mohammed var den sentrale operative planleggjaren av åtaka. Som sekstenåring melde han seg inn i Det muslimske brorskapet, og reiste seinare til USA, der han fullførte ein grad ved North Carolina Agricultural and Technical State University i 1986. Etter studiane reiste han til Pakistan og Afghanistan for å utføre jihad mot Sovjetunionen, som hadde invadert Afghanistan i 1979. I 1996 møtte Mohammed og Bin Laden kvarandre i Tora Bora i Afghanistan. Ifølgje 11. september-kommisjonen (ein kommisjon som vart sett opp av president George W. Bush og Den amerikanske kongressen for å etterforske åtaka) var det på dette tidspunktet Mohammed lanserte planane om å trene opp terroristar til å styrte fly inn i bygningar på amerikansk jord.

 
Foto av Khalid Sheikh Mohammed som vart nytta i FBI-etterlysingar.

På 1990-talet hadde Mohammed lagt eit mislukka komplott som gjekk ut på å sprenge amerikanske fly i Asia, men ifølgje Al Jazeera-journalisten Yosri Fouda – som intervjua Mohammed i 2002 – var det fyrst etter møtet med Bin Laden han skjønte at dette var ein plan det var mogleg å realisere.[2] Frå al-Qaida fekk Mohammed personell, pengar og logistisk støtte, medan Bin Laden såg åtaka på Washington og New York som ein lekk i ein større strategisk plan for å råke erkefienden USA og velte dei dåverande regima i Midtausten.

 
Mohammed Atta og to andre al-Qaida-terroristar delte ei leilegheit i Marienstraße 54 i Hamburg mellom 1998 og 2001. Nr. 54 ligg i framgrunnen til venstre.

Hamburg-cellaEndra

Komplottet gjekk føre seg over heile kloten, med planleggingsmøter i Malaysia, flygetrening gjennomført i USA, koordinering utført av komplottleiarar med tilhald i Hamburg, pengeoverføringar frå Dubai og rekruttering av terroristar frå fleire land i Midtausten – aktivitetar som al-Qaida-leiarane i Afghanistan heile vegen heldt overoppsyn med. I sum demonstrerte dette at al-Qaida var ein organisasjon med internasjonal rekkjevidde.

Mohammed Atta, leiaren mellom terroristane som utførte åtaka 11. september, var ein del av den sokalla «Hamburg»-cella. Atta hadde ein grad innan arkitekt- og ingeniørstudiar frå Universitetet i Kairo, og vart radikalisert etter at han flytta til Hamburg for å studere byplanlegging ved Technische Universität Hamburg.[3] Atta hadde eit tilfeldig møte med ein islamist under ei togreise i Tyskland, og denne islamisten sette Atta i kontakt med al-Qaida i Afghanistan. Atta og dei andre medlemane i Hamburg-cella reiste til Afghanistan i 1999 nett på den tida då planane for terrotåtaka 11. september 2001 vart lagde. Bin Laden og den militære kommandanten hans, Muhammad Atef, skjønte snart at medlemane av Hamburg-cella var langt betre rusta for å utføre åtaka enn sjølvmordsaksjonistane dei allereie hadde rekruttert, av di dei hadde utdanning frå vesterlanda. Difor tok Bin Laden ei avgjerd om å utnemne Atta til leiar av operasjonen.[4]

Terroristane som utførte åtaka slo seg ned i USA, mange av dei i god tid før sjølve operasjonen gjekk av stabelen. Dei reiste i små grupper, og sume av medlemane mottok pilottrening for kommersielle fly.[5] I løpet av opphaldet i USA heldt Atta ein av planleggjarane av åtaka, Ramzi Binalshibh, orientert om progresjonen via e-post skrive i kodespråk. På morgonen 29. august 2001 ringde Atta til Binalshibh og gav ei koda melding om at åtaket kom til å finne stad 11. september. Binalshibh reiste så til Pakistan den 5. september, og sendte ein bodberar til Bin Laden for å informere han om tidspunktet for operasjonen.

Åtaka den 11. septemberEndra

TvillingtårnaEndra

 
Kart som syner rutene dei fire kapra passasjerflya tok 11.september.

Om morgonen 11. september 2001 vart i alt fire passasjerfly kapra av 19 terroristar frå al-Qaida. To av flya tok av frå Boston, eitt frå Newark og eitt frå Dulles i Virginia, like utanfor Washington, D.C.. Straks etter utflyging uskadeleggjorde terroristane flymannskapet og tok kontroll over flyet. Alle flya var på veg til vestkysten og fulle av drivstoff. Klokka 08.46 lokal tid styrta det fyrste flyet (American Airlines flight 11) inn i nordtårnet i Verdshandelssenteret i New York (World Trade Center), det eine av to tårn som saman går under nemninga «tvillingtårna». Terroråtaket vart dekt direkte på fjernsyn etter at det fyrste flyet hadde styrta i World Trade Center, og vart dimed kjent over heile verda straks det var eit faktum.[6] Dei fleste trudde på dette tidspunktet at det måtte vere ei ulukke, men då eit anna fly (United Airlines flight 175) styrta inn i sørtårnet på direktesendt fjernsyn 17 minutt seinare, vart det snøgt klårt at det dreidde seg om eit åtak på amerikansk jord. Båe tårna vart sterkt skadde i samanstøyten og byrja å brenne kraftig.

Pentagon og ShanksvilleEndra

Det tredje flyet (American Airlines flight 77) styrta inn i den sørvestre delen av Pentagon rett utanfor Washington, D.C. klokka 09.37 og sette i gong ein brann i bygget. Berre nokre minutt seinare gav det amerikanske luftfartstilsynet ordre om å setje alle fly på bakken, og ein snau time seinare styrta det fjerde flyet (United Airlines flight 93) nær Shanksville i Pennsylvania etter at passasjerane braut inn i cockpiten og freista å ta kontroll over flyet. Målet for terroristane som kapra det fjerde flyet var sannsynlegvis Det kvite huset eller kongressbygget i USA. Undersøkingane i ettertid konkluderte med at terroristane styrta flyet for å hindre at passasjerane tok kontroll over det.[7]

 
Fridomsgudinna med dei to brennande tvillingtårna i bakgrunnen.

Tårna rasarEndra

Tvillingtårna rasa saman etter litt over ein time: Sørtårnet fall klokka 09.59, medan nordtårnet fall 29 minutt seinare. Fallande materialar og brann forårsaka omfattande skadar på bygningar i eit større område. Ein 47 etasjar høg bygning, World Trade Center 7, som ikkje vart råka av flya, raste saman fleire timar seinare grunna brannskader. Ein diger sky av røyk og bygningsrestar breidde seg over gatene i Lower Manhattan, og ulmebrannar heldt fram i ruinane av tvillingtårna i tri månader frametter.[8] Fleire bygningar som stod i nærleiken av tvillingtårna fekk store skader i kollapsen, og enda opp med å rase saman.

OmkomneEndra

Redningsoperasjonane kom i gong beinveges etter åtaka, medan verda og USA freista å ta innover seg det enorme tapet av menneskeliv åtaka førte til. Til saman døydde nesten 3000 menneske. Ifølgje det nasjonale minnesenteret for 11. september, mista 2753 mennesker livet i New York, 184 i Pentagon og 40 i flystyrten i Pennsylvania. Alle ombord i flya, inkludert dei 19 terroristane, mista livet. Dei døde kom frå 93 forskjellige land. Meir enn 400 brann- og politifolk som hadde rykka ut til åstaden, var mellom dei drepne.[9][10] Det samla talet på avlidne i terroråtaket har blitt endra fleire gongar og er ikkje definitivt fastslått, men etter fleire revideringar har ein sett talet på omkomne til 2 977 (Dette talet er ikkje medrekna dei 19 terroristane).[11]

 
To overlevande dekte av støv etter at bygningane har rasa saman.

Kontorarbeidarar som var innestengde over innslagspunktet for flya valde i nokre tilfelle å hoppe frå tårna heller enn å døy i det varme flammehavet som herja inne i tårna. Kor mange som valde å hoppe eller fall er eit omstridd spørsmål, men offisielt vart 104 fallande menneske fanga på kamera.[12]

 
Ein skadd person blir hjelpt ombord i ein ambulanse etter åtaket på Pentagon.

Globale følgjerEndra

Internasjonale reaksjonarEndra

Internasjonalt vart terroråtaka møtt med sterk fordøming av dei ansvarlege og støtteerklæringar til USA. I Noreg, Sverige og Finland stod til dømes bussar og trikkar stille for å vise respekt for dei omkomne, i Storbritannia vart the The Star-Spangled Banner spelt under vaktskiftet ved Buckingham Palace, og i Beijing la tusenvis av menneske ned blomar og kondolansekort utanfor den amerikanske ambassaden.[13] Leiarane i dei fleste landa i Midtausten fordømde terroraksjonen, mellom andre den egyptiske presidenten Hosni Mubarak, den palestinske leiaren Yasir Arafat og den syriske presidenten Bashar Assad.[14] Det einaste unnataket var Irak og den eineveldige irakiske presidenten Saddam Hussein, som i ei fråsegn sa at «dei amerikanske cowboyane haustar frukta av ugjerningane sine». Seinare synte Hussein sympati i ein e-post sendt til ein privat, amerikansk borgar. Hamas-leiaren Ahmed Yassin og Qais abu Leila, leiar i Den demokratiske fronten for frigjering av Palestina, kom også med fråsegner der dei hevda at amerikanarane hadde seg sjølve å takke for terroråtaka.[15][16]

Invasjonen av AfghanistanEndra

Hendingane 11. september fekk store globale konsekvensar. Terroråtaka var den direkte årsaka til invasjonen av Afghanistan i oktober 2001, som førte til at det fundamentalistiske Taliban-regimet vart velta. USA kravde å få Osama Bin Laden utlevert frå Afghanistan, eit krav Taliban nekta å godta. USA stødde seg på retten til sjølvforsvar etter terroråtaka, og i samarbeid med allierte afghanske styrkar styrta amerikanarane Taliban-regimet i løpet av to månader.[17] Dei førte også til at kampen mot internasjonal terror vart intensivert og til skjerpa tryggings- og overvakingslover i mange land. I tillegg medverka terroråtaka til den amerikanske avgjerda om å gå til krig mot Irak i 2003.

Guantánamo Bay og AbbottabadEndra

Den amerikanske hæren og etterretningstenestene samarbeide i tida etterpå om å pågripe mistenkte medlemar av al-Qaida, både i Afghanistan og andre stader i verda. Fleire hundre mistenkte – mellom dei Khalid Sheikh Mohammed – vart fengsla utan rettargang og plassert i ein fangeleir på den amerikanske militærbasen i Guantánamo BayCuba.[18] Osama Bin Laden vart drepen av amerikanske spesialstyrkar i 2011 i den pakistanske garnisonsbyen Abbottabad etter ein over ni år lang menneskejakt.[19]

Følgjer i USAEndra

11. september-kommisjonenEndra

For å kartleggje hendingane 11. september 2001 og korleis styremaktene handsama dei, sette kongressen ned ein uavhengig, tverrpolitisk undersøkingskommisjon (den sokalla 11. september-kommisjonen) som i 2004 leverte ein rapport og gav ei rad tilrådingar for å styrke vernebuinga av nasjonen i framtida. I USA opplevde ein i kjølvatnet av terroråtaka ei stuttvarig kjensle av nasjonal samhøyrsle. Flagget vart eit samlande symbol for amerikanarar flest: folk gjekk med patriotiske jakkemerke, og tallause hus hadde store flagg hengande frå vindauge og terrassar. Med tida vart denne symbolbruken fyrst og fremst heldt oppe av den politiske høgresida.[20]

 
Vrakdel frå flyskroget til American Airlines flight 11.

Bush-doktrinenEndra

Åtaka kom til å setje djupe spor i amerikansk politikk og samfunnsliv. Fokuset i utanrikspolitikken vart flytta mot det George W. Bush kom til å kalle «krigen mot terror». I sin tale om unionens tilstand i januar 2002 formulerte Bush ein doktrine om førebyggande åtak («preemptive strike») på fiendar av USA, ein doktrine som representerer eit lineskifte i den amerikanske utanrikspolitikken, der ein tidlegare berre ville utføre ei førebyggjande krigshandling på eit suverent rike dersom ein meinte at eit åtak på USA var i kjømda. Bush utdjupa doktrinen om eit førebyggjande åtak i ein tale han heldt under ein avgangsseremoni for kadettar ved militærakademiet West Point 1. juni 2002, og denne utanrikspolitiske lina kom med tida til å bli kjend som «Bush-doktrinen».[21]

Åstaden i New York, som tidleg vart omtala som «ground zero», eller «nullpunktet», er seinare blitt gjort om til ein omfattande, nasjonal minnestad med eit eige museum. I 2014 vart ein ny skyskrapar med namnet One World Trade Center opna like ved staden der dei opphavlege tårna stod.

KonspirasjonsteoriarEndra

I likskap med andre skjelsetjande hendingar har åtaka 11. september 2001 blitt knytte opp til ymse konspirasjonsteoriar om kven som stod bak. Desse konspirasjonsteoriane går til dømes ut på at dei amerikanske styremaktene sjølve var ansvarlege for åtaka, at amerikanske styremakter visste om åtaka og let dei skje, eller at heile terroraksjonen i røynda vart uført av jødar.[22][23]

Desse spekulasjonane har til felles at dei ikkje på noko vis er dokumenterte og kan motprovast ved hjelp av informasjon som er ålment tilgjengeleg. Dei inneheld elles mykje av det tankegodset som er typisk for konspirasjonsteoriar kring denne typen hendingar.[24] I 2017 publiserte det norske, venstreradikale nyhendemagasinet Ny Tid ein artikkel som hevda at det er «...innlysende at 9/11 var en eksplosjon», ein påstand som møtte sterk kritikk i andre delar av norsk presse og snøgt vart avsanna av faktasjekkingsnettstaden Faktisk.no.[25] Oppslaget førte til at Klassekampen sa opp distribusjonsavtalen avisa hadde med Ny Tid.[26]

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Bergen, P. (2019).
  2. Bergen, P. (2019).
  3. Sisson, M. (2019), «Mohammed Atta», Encyclopædia Britannica . Henta 22. januar 2020.
  4. Bergen P. (2019).
  5. Bergen P. (2019).
  6. Notaker, H. (2019).
  7. Notaker, H. (2019).
  8. Bergen, P. (2019).
  9. Bergen, P. (2019).
  10. Notaker, H. (2019).
  11. Bergen P. (2019).
  12. Lester, D. (2013). Those who jumped from the Twin Towers on 9/11: Suicides or not? Suicidology Online, 4:1, 117-121.
  13. Sweetland Edwards, H. (9. september 2011). «The World's Immediate Response to 9/11». Mental Floss. . Henta 22. januar 2020
  14. Webmanship. «International Reaction – The 09-11-2001 Attacks on the USA With Archived News, Images, Photos, & Newspapers from the September 11, 2001 Terrorist Attacks on New York City & the Pentagon». September 11 News.com. Arkivert frå originalen 21. august 2006. Henta 22. januar 2020. 
  15. «Attacks draw mixed response in Mideast». CNN. September 12, 2001. Arkivert frå originalen 13. august 2007. Henta 22. januar 2020. 
  16. Whitaker, B, (October 22, 2001). «Saddam Hussein offers sympathy in email to US». The Guardian (London). Henta 22. januar 2020. 
  17. FN-sambandet. (2017, 6. mars). Afghanistan. Henta frå https://www.fn.no/Konflikter/Afghanistan.
  18. Notaker, H. (2019).
  19. Iversen, I.A. (2011). «Obamas triumf er ikke endelig». Dagsavisen (100): 3. 
  20. Notaker, H. (2019).
  21. Bergen P. (2019).
  22. «9/11: De tre mest utbredte konspirasjonsteoriene». historienet.no.  Henta 22. januar 2020.
  23. Bergen P. (2019).
  24. Notaker, H. (2019).
  25. Skiphamn, S., Bergsaker, T. (15. september 2017). «Nei, det er ikke innlysende at 9/11 var en eksplosjon». Faktisk.no.  Henta 22. januar 2020.
  26. Braanen, B. (15. september 2017). «Ny Tid». Klassekampen.  Henta 22. januar 2020.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Terroråtaka 11. september 2001