12 X 5
Studioalbum av The Rolling Stones
Språk engelsk
Utgjeve 17. oktober 1964
Innspelt 25. februar, 12. mai, 10–11. og 24–26. juni, 2. og 28–29. september 1964;
Studio Chess i Chicago i USA og Regent Sound Studios i London i Storbritannia
Sjanger Bluesrock, rock
Lengd 30:50
Selskap London Decca, Abkco
Produsent Andrew Loog Oldham
Amerikansk The Rolling Stones-kronologi 
The Rolling Stones (England's Newest Hit Makers)
(1964)
12 X 5 The Rolling Stones, Now!
(1965)


12 X 5 er det andre albumet The Rolling Stones gav ut i USA i 1964 etter det populære debutalbumet The Rolling Stones i Storbritannia og den amerikanske utgåva England’s Newest Hit Makers.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 stars[1]
The Rolling Stone Album Guide5/5 stars[2]
MusicHound4/5 stars[3]

12 X 5 var som debutalbumet spekka med R&B-songar skrivne av andre artistar, men inneheld likevel tre songar av Mick Jagger/Keith Richards, samt eit par songar skrivne av heile bandet under pseudonymet «Nanker Phelge».

Etter ei rekkje innspelingar i Chicago i juni 1964 gav det britiske selskapet til The Rolling Stones, Decca Records, ut EP-en. Sidan EP-ar aldri var eit lukrativt format i USA, spreidde den amerikanske distributøren deira, London Records, songane frå EP-en utover eit heilt album, og la til sju songar ekstra. Det var då tolv songar på albumet, spelt av dei fem medlemmane i bandet, dermed tittelen 12 X 5 («12 by 5» eller «12 av 5»). Decca nytta det same omslaget (bortsett frå skrifta) på det neste britiske albumet deira, The Rolling Stones No. 2, tidleg i 1965.

12 X 5 gjorde det betre enn England’s Newest Hit Makers, og nådde tredjeplassen på den amerikanske albumlista.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Around and Around» (opphavleg på Five by Five EP)Chuck Berry3:03
2.«Confessin' the Blues» (opphavleg på Five by Five EP)Jay McShann, Walter Brown2:46
3.«Empty Heart» (opphavleg på Five by Five EP)Nanker Phelge2:35
4.«Time Is on My Side»Norman Meade2:50
5.«Good Times, Bad Times»Mick Jagger, Keith Richards2:32
6.«It's All Over Now»Bobby Womack, Shirley Womack3:27
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«2120 South Michigan Avenue» (opphavleg på Five by Five EP)Nanker Phelge2:03
8.«Under the Boardwalk»Arthur Resnick, Kenny Young2:48
9.«Congratulations»Mick Jagger, Keith Richards2:28
10.«Grown Up Wrong»Mick Jagger, Keith Richards2:04
11.«If You Need Me» (opphavleg på Five by Five EP)Robert Bateman, Wilson Pickett2:03
12.«Susie Q»Eleanor Broadwater, Stan Lewis, Dale Hawkins1:51

Medverkande endre

The Rolling Stones endre

Andre musikarar endre

Salslister endre

12 X 5 selde betre enn England's Newest Hit Makers, nådde tredjeplassen i USa og selde raskt til gullplate.

Album
År Liste Plassering
1964 Billboard 200[5] 3
Singlar
År Singel Liste Plassering
1964 «It's All Over Now» Billboard Hot 100[5] 26
1964 «Time Is on My Side» Billboard Hot 100[5] 6

Salstrofé endre

Land Organisasjon Salstrofé
(grense)
USA RIAA Gull

Kjelder endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 22. september 2015, henta 25. mars 2018 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 22. september 2015, henta 25. mars 2018 
  3. https://www.bbc.co.uk/music/reviews/3whf/
  4. If You Need Me - Lyrics
  5. 5,0 5,1 5,2 «The Rolling Stones – Awards». Allmusic. Henta 25. mars 2018. 

Bakgrunnsstoff endre