1860-åra var eit uroleg tiår i Amerika, Asia og Europa, prega av revolusjonar i Det osmanske riket og Tyskland og borgarkrig i USA. Det blei utvikla militærteknologi som panserskip, undervassbåtar og ei tidleg utgåve av maskingevær, og USA opplevde total krigføring med store tap av menneskeliv, byar og eigedom. Den atlantiske slavehandelen, som hadde vore i nedgang sidan 1820-åra, braut saman då USA innførte forbod mot slaveri.

Slaget ved Campo Grande under Trippelalliansekrigen, måla i 1871 av Pedro Américo.
Afroamerikanske soldatar for Nordstatane under Den amerikanske borgarkrigen fotografert i Virginia i 1864.

Krigar og konfliktar endre

 
Keisarlege styrkar tek Yuhuatai, nær Nanjing, under det kinesiske Taipingopprøret.
 
Dei siste timane til Abraham Lincoln, måla av Alonzo Chappel i 1868.

Politiske drap

Viktige politiske hendingar endre

 
Vitseteikning om samlinga av Italia.
 
Meiji-keisaren kjem til Yedo. Ukiyo-e av Tsukioka Yoshitoshi frå 1868.

Vitskap og teknologi endre

Kultur endre

Biletkunst endre

 
Call, I Follow, I Follow, Let Me Die (ca. 1867), fotografert av Julia Margaret Cameron.

Impresjonismen gjorde seg gjeldande med utstillingar i Salon des Refusés av måleri refuserte av Salon de Paris.

I Storbritannia stod prerafaelittane sterkt. I 1861 skipa William Morris interiørselskapet Morris & Co. i 1861 saman med mellom anna Ford Madox Brown, Edward Burne-Jones og Dante Gabriel Rossetti for å tilverka handverk inspirert av kunstrørsla.[2]Julia Margaret Cameron byrja fotografera og eksperimenterte med prerafaelittisk-inspirert kunstfotografi.

Verdsutstillinga i Paris i 1867 opna med nasjonale paviljongar. Japansk ukiyo-e utstilt der var med på å vekka interesse for kunst og kultur frå det nyleg opna Japan.

Litteratur og scenekunst endre

Karl Marx gav ut første bandet av Das Kapital i 1867.

Sarah Bernhardt debuterte som skodespelar i Paris i 1862, til dårlege kritikkar. Ho fekk eit gjennombrot med Kean av Alexandre Dumas den eldre i 1868.

Klesdrakt endre

 
På 1860-talet dominerte krinolinekjolen motebildet.

Viktoriatida prega kulturen i Det britiske imperiet, og påverka kulturen i land som USA. Innan vestleg mote nådde skjørtet på kjolar si største vidde med bruk av krinoline for å halda plagget utover. Utviklinga av dress og smoking fortsette blant menn, med dressjakke, bukse og vest i same stoff som ei uvanleg nyskaping. Flosshatten fekk si høgaste utforming i dette tiåret, medan skalk eller bowlerhatt blei utbreidd som eit uformelt hovudplagg.[3]Stetsonhatten «Boss of the Plains», prototypen på den verdskjende cowboyhatten, blei utforma for livet i det ville vesten.

Religion endre

Sport og spel endre

 
Teikning av Pierre Lallement sin velosiped frå hans amerikanske patentsøknad frå 1866.

Skisport blei utvikla med skipinga av dei første skiklubbane og tidlege konkurransar. Trysil Skytte- og Skiløberforning blei skipa 20. mai 1861 i Trysil.[4] Same året blei skiklubben Kiandra Snow Shoe Club skipa av tre norske gruvearbeidarar i Kiandra i Australia.[5]Inderøens Skiløberforening blei også skipa dette tiåret.[6] Dei første organiserte langrennsløpa blei haldne, med eit tidleg døme dokumentert i Plumas i California i 1861,[7] Den første skihoppkonkurransen blei halden i Trysil i 1862; det første kjende skihoppet av ei kvinne fann stad under same konkurranse året etter.[8]

Sykling tok av då syklar med pedalar blei utvikla i Frankrike. I Paris utvikla både smeden Pierre Michaux, brørne Aimé, René og Marius Olivier og Pierre Lallement såkalla pedal velocipedes. Lallement tok med seg patentet til USA.[9] Denne sykkelen blei vidareutvikla til veltepetteren med stort framhjul i Storbritannia og Nord-Amerika.

Viktige personar endre

 
Abraham Lincoln med Allan Pinkerton og majorgeneral John A. McClernand kort tid etter slaget ved Antietam i Maryland i 1862.
 
Cixi av Kina måla av ein palassmålar på midten av 1800-talet.
Leiarar og kongelege
  • Det danske kongehuset knytte band til viktige kongehus då prinsessene Alexandra og Dagmar blei gifte med tronarvingane i høvesvis Storbritannia og Russland, Albert Edvard (seinare kong Edvard VII) og Aleksander (tsar Aleksander III), i 1863 og 1866.
Andre

Kjelder endre

  1. Medical Advances Timeline
  2. «William Morris». Dictionary of National Biography. 1901. 
  3. Byrde, Penelope (8 July 1979). Male Image: Men's Fashion in Britain 1300-1970. Great Britain: Batsford. ISBN 978-0-7134-0860-7.  Oppgjeve i 1860s in Western fashion på Engelsk Wikipedia.
  4. Vaage, Jakob (1979). Skienes verden. Oslo: Hjemmets forlag. s. 269. ISBN 9788270061686. 
  5. Neubauer, Ian Lloyd (August 25, 2011). «The Long Run: Australia's Storied Ski Heaven». Time (Time, Inc.). Henta 27. desember 2015. 
  6. Ystad, Andreas; Sakshaug, Ingevald (1973). Inderøyboka. Ei bygdebok for Inderøy, Røra og Sandvollan. Inderøy, Norway: Inderøy kommune. 
  7. «Longboards at Mammoth». Mic Mac Publishing. Henta 25. september 2012. 
  8. Saur, Lasse (1999): Norske ski - til glede og besvær. Research report, Høgskolen i Finnmark; E. John B. Allen (2011). Historical Dictionary of Skiing. Scarecrow Press. s. 35. . Opgjevne i «History of skiing» på Engelsk Wikipedia.
  9. «sykkel» i Store norske leksikon, snl.no.
< 1860-åra >

1860 | 1861 | 1862 | 1863 | 1864 | 1865 | 1866 | 1867 | 1868 | 1869