2000-dataspelet Flåklypa Grand Prix
Flåklypa Grand Prix er eit eventyrspel utvikla av Capricornus og utgjeve av CVG Distribusjon AS. Det vart opphavleg utgjeve i Noreg den 1. desember 2000 til Microsoft Windows. Spelet er ei samling av ulike småspel som er fordelte på ei rekkje scener og sekvensar basert på handlinga i langfilmen Flåklypa Grand Prix frå 1975.
Flåklypa Grand Prix | |||
Utviklar(ar) | Capricornus Caprino Video Games | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | CVG Distribusjon AS | ||
Kreativt ansvarleg(e) | Mario Caprino Remo Caprino | ||
Forfattar | Kjell Aukrust Ivo Caprino | ||
Basert på | Flåklypa Grand Prix | ||
Plattform(er) | Microsoft Windows | ||
Utgjeving | Originalutgåve NO: 1. desember 2000 Jubileumsutgåve NO: 7. desember 2001 Gullutgåve NO: 29. november 2002 | ||
Sjanger | Eventyr | ||
Spelemodus | einspelar, fleirspelar | ||
Medium | CD-ROM |
Den originale utgjevinga av Flåklypa Grand Prix-spelet i 2000 var vellukka og det selte ut det første opplaget på 50 000 kopiar i løpet av 14 dagar.[1] Året etter vart spelet utgjeve på nytt i form av ei «jubileumsutgåve» som tilførte nye småspel og sekvensar.[2] I 2002 vann spelet ein EMMA-pris (Electronic Multimedia Awards) i kategorien «Entertainment – Kids» og fekk annanplass i kategorien animasjon.[3] Spelet vart utgjeve nok ein gong i 2002, denne gongen som ei «gullutgåve» med medfølgjande 3D-briller, som kunne brukast til nye akvitivetar og sekvensar med 3D-effektar.[4] Flåklypa Grand Prix er tidenes mestseljande spel i Noreg, med 380 000 selde kopiar.[5]
Ei utgåve av spelet til Nintendo DS vart utgjeven i 2010. Ei modernisert utgåve av spelet vart utgjeven til Nintendo Switch og Windows via Steam i november 2021.[6]
Kjelder
endre- ↑ «Rekordsalg for Flåklypa». digi.no. 15. desember 2000. Henta 25. mars 2020.
- ↑ «Gjensyn med Flåklypa». Verdens Gang. 6. desember 2000. Henta 25. mars 2020.
- ↑ «Spill-Oscar til Flåklypa». Verdens Gang. 3. januar 2002. Henta 25. mars 2020.
- ↑ «Ny runde med Flåklypa». ITavisen. 27. november 2002. Henta 25. mars 2020.
- ↑ «Endelig kan du kjøre ned den bakken – i 3D». DNB Nyheter. 21. september 2018. Henta 25. mars 2020.[daud lenkje]
- ↑ «Nytt Flåklypa Grand Prix spill?». caprino.no. Arkivert frå originalen 17. mars 2020. Henta 25. mars 2020.