3. divisjon fotball 1966/Møre
Tredjedivisjon i norsk fotball 1966
3. divisjon Møre 1966, ei av Norges Fotballforbund sine mange serieavdelingar, tok til sundag 8. mai og vart avslutta med full runde sundag 2. oktober. Avdelinga bestod av 8 lag: 4 frå Sunnmøre, 2 frå Romsdal og 2 frå Kristiansund. Vinnaren av avdelinga møtte vinnaren av Trøndelags-avdelinga til kampar om opprykk til 2. divisjon, medan dei to laga med færrast poeng rykte ned til 4. divisjon.
Poengtabell
endrePlass | Lag | Kampar | Målskår | Poeng |
1 | Herd | 14 | 38–11 | 23 |
2 | Molde | 14 | 35–18 | 19 |
3 | Aalesund | 14 | 29–23 | 18 |
4 | Velledalen og Ringen | 14 | 24–30 | 14 |
5 | Langevåg | 14 | 34–27 | 13 |
6 | Clausenengen | 14 | 26–32 | 11 |
7 | Braatt | 14 | 13–32 | 7 |
8 | Åndalsnes | 14 | 17–43 | 7 |
Sportsklubben Herd frå Ålesund tapte for andre året i rad kampen om opprykk til 2. divisjon. Heime på Aksla stadion enda oppgjeret mot Fotballklubben Kvik 2-2, i Trondheim sigra Kvik med 3-1.