Firehundreårsnatta

(Omdirigert frå 400-årsnatta)

Firehundreårsnatta er ei nemning, skapt av Henrik Ibsen, som skildrar den 434 år lange unionen mellom Danmark og Noreg. I «dansketida», spesielt under einevelde, var det i fyrste rekke det som vart oppfatta som urettferdige skattar og den ofte arrogante haldninga til dei stort sett danske embetsmennene som skapte misnøye[treng kjelde]. Den norske nasjonalrørsla vart ikkje kveikt før på 1800-talet.

Faksimile frå originalutgåva av diktet «Peer Gynt».

Nasjonalrørsla på 1800-talet endre

Det var fyrst i 1867, over eit halvt århundre etter at unionen var oppløyst, at Henrik Ibsen nytta – det ikkje så lite nedsettande – omgrepet «Firehundreaarig Natten» («firehundreårsnatta»), i diktet «Per Gynt». Men at dansketida vart sett på som ein mørk periode ser ein alt i 1814, då presten og forfattaren Nicolai Wergeland, under arbeidet med grunnlova, i eit innlegg[treng kjelde] utrykte seg med desse orda:

«Intet, ærede Medborgere, Intet anseer jeg mer fordærveligt for Fædrelandet, end Gjenoprettelsen af Foreningen med Danmark, Kilden til den Afmagt, Fædrelandet er sunket i».

Konsekvensar for det norske skriftspråket endre

Etter som kongen heldt til i København var det det danske språket som vart nytta av prestar og andre embetsmenn. Prestane tala dansk i kyrkja og det var vel så ymse med kva kyrkjelyden skjøna av det som vart sagt frå preikestolen. Likeeins tala futane og medhjelparane deira dansk, eller fornorska dansk, på haust- og vårtinga. Men lensmennene var som oftast lokale bønder, som tala bygdemål. Med unnatak av i byane vart difor dei norske dialektane ikkje så mykje påverka av dansk.

Skriftspråket, derimot, var i heile dansketida og lagt utover 1800-talet dansk, og det gamle norske skriftspråket frå tida før Kalmarunionen kom heilt bort. Ikkje før Ivar Aasen freista å rekonstruera det norske skriftspråket, ved at han utvikla landsmålet, fekk Noreg att noko av det gamle skriftspråket sitt. Men på grunn av språkstriden mellom det nye landsmålet til Aasen og fornorska dansk – som utvikla seg til riksmål og bokmål – er det norske skriftspråket framleis strekt påverka av dansk. Det er vel i denne samanhengen «firehundreårsnatta» påverkar Noreg mest i dag. Men ho har òg ført til at nordmenn har lettare for å forstå nabospråka svensk og dansk enn svenskar og danskar har for å forstå norsk og spesielt kvarandre[1].

Referansar endre

  1. A. Torp, Skandinavisk nabospråkforståelse – ideal eller virkelighet?, Språkrådet → Språknytt 2004/3–4.